390 ledige studium på restetorget
Medan over 5000 kvalifiserte søkjarar ikkje har fått tilbod om studieplass.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Semesterstart er like rundt hjørnet, men restetorget til Samordna opptak har framleis ledige plassar på omkring 390 studiar ved universitet og høgskular rundt om i landet.
I juli blei 74.500 tilbod om studieplass i hovudopptaket sendt ut, fleire enn nokon gong tidlegare. Samtidig stod nesten 3.000 studieplassar tomme og låg ute på restetorget .
På ventliste
390 studiar har framleis ledige plassar, men 5.140 kvalifiserte søkjarar har enno ikkje fått tilbod om studieplass, opplyser Kunnskapsdepartementet.
Desse er kvalifisert til minst eitt studium som dei framleis står på venteliste til etter det andre etterfyllingsopptaket 9. august.
Sjølv om semesterstart er allereie i neste veke, vil nye opptak skje to til tre gonger i veka fram til 8. september.
Humaniora mest pop
Dei fleste som startar ved universitet eller høgskular til veka, er mellom 21 og 25 år og skal ta fatt på eit bachelorstudium.
Gjennomsnittsstudenten er ei 28 år gammal kvinne som studerer på bachelornivå. Ho vil ta rundt 42 studiepoeng i år.
Flest studerer noko innan felta samfunnsvitskap, økonomi og administrasjon, historie og filosofi. (©NPK)