Vil spele inn ny Bond-film i Noreg

Produsentane bak den neste filmen om superspionen James Bond ønsker å nytte seg av norske støtteordningar og vil spele inn filmen i Noreg.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tysdag vart det kjent at elleve søkarar har meldt seg i kampen om innspelingsstøtte. Dette skjer gjennom insentivordninga for film som gir refusjon på 25 prosent av utgiftene for internasjonale filminnspelingar i Noreg.

Av dei elleve søkjarane er det eitt prosjekt som berre er namngitt som «B25». Det var Bergens Tidende som først skreiv at det dreidde seg om den neste filmen om den britiske spionen James Bond, ein film som blir omtalt som «Bond 25» og har Daniel Craig i hovudrolla. Filmen skal ifølgje filmstaden IMDB ha premiere i februar 2020.

Kunne du tenkt deg ei filmrolle? Her er castarane sine beste tips!

Realistiske moglegheiter for Bond i Noreg

– Eg kan stadfeste at vi har vore i kontakt med representantar for den kommande James Bond-filmen, og at dei ønsker å gjere opptak i Noreg, seier filmkommisjonær Adrian Mitchell i Oslo til Dagsavisen.

Ifølgje Mitchell ser produsentane av filmen på ulike stader over heile landet der det kan vere aktuelt å spele inn scener i den kommande filmen.

– Vi har jobba med dette i lang tid. Det er realistiske moglegheiter for at delar av neste James Bond-film blir spelt inn i Noreg, seier han.

I fjor spelte Tom Cruise inn scener i Mission Impossible 6 på Preikestolen i Rogaland etter å ha fått tilkjent ei ramme på 6 millionar kroner i støtte etter insentivordninga.

– Viss Bond kjem, vil det vere utruleg spennande for Noreg, seier Sigmund Elias Holm i Vestnorsk filmkommisjon.

Usikker på kva film du skal sjå? Framtida har sett «Grensen», ein film som gir så mange sterke inntrykk at ein nesten vert utmatta av å vri både kropp og hjerne.