Droppar skuledebattane

Ungdomspartia er einige om ikkje å halda skuledebattar i samband med valkampen.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Droppar skule- debattane

Alle ungdomspartia deltok tysdag på eit møte der dei kom fram til ei felles forståing av korleis dei ynskjer å leggja opp valkampen 2011.

I ei pressemelding vert det opplyst at alle ungdomspartia støttar rådet frå partisekretærane om å avstå frå å halda skuledebattar.

Vil ha skuleval
Me ynskjer likevel å gjennomføra skuleval og sørgja for at partia får presentert bodskapa sine, og at elevane får mogelegheit til å gjera seg kjende med politikken til dei ulike partia, heiter det i meldinga frå Arbeidaranes Ungdomsfylking, Framstegpartiets Ungdom, Unge Høgre, Unge Venstre, Kristeleg Folkepartis Ungdom, Senterungdommen, Sosialistisk Ungdom, Raud Ungdom.

Skulane må ta initiativ
I staden for skuledebattar ynskjer dei at partia stiller med valtorg utan appellar dette året. Utanom på valtorga vil ungdomspartia ikkje vera til stades på dei vidaregåande skulane, fordi ungdomspartia ynskjer ein mest mogeleg felles valkamp på skulane.

Opplegget krev at skulane sjølve tek initiativ og førebur elevane godt til at det er både skuleval og valkamp. Ungdomspartia kjem til å driva valkamp som normalt utanfor dei vidaregåande skulane, og byrjar valkampen på same tidspunkt som moderpartia.

Dei vil ha ein felles kampanje der dei legg vekt å kor viktig det er å engasjera seg. Ungdomspartia satsar også på å arrangera ei større felles markering i Oslo der dei samlar ungdom på tvers av parti og ideologi.