Kraftig medlemsvekst i dei politiske partia
Alle dei norske politiske partia som er representert på Stortinget, kan melde om uvanleg mange innmeldingar etter terrorangrepa 22. juli.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ein gjennomgang Dagsavisen har gjort, viser at alle av dei politiske partia på Stortinget, og ungdomspartia deira, har sett ein uvanleg stor medlemsvekst dei siste dagane.
Høgre har fått 120 nye medlemmer, mens Unge Høgre rapporterer om 40. Sosialistisk Venstreparti har fått 100, mens Sosialistisk Ungdom har fått 35.
Framstegspartiet har fått minst 64 nye medlemmer, mens FpU har fått elleve nye medlemmer. Venstre rapporterer om 63 nye venstrefolk. Senterpartiet har fått ti nye, det same har Senterungdommen.
Arbeidarpartiet og AUF har fått mange innmeldingar og hatt stor pågang, men manglar tal. Det same kan Kristeleg Folkeparti fortelje om.
Generalsekretær i AUF, Tonje Brenna, skildrar støtta til ungdomspartiet som overveldande. Ho håpar engasjementet som no viser seg i folket, vil gi rekordhøg valdeltaking i september og oppfordrar særleg ungdom til å bruke stemmeretten sin.
Frp-leiar Siv Jensen er glad for at folk no viser kva dei meiner.
– Den hardaste straffa den terrorsikta kan få, er at demokratiet veks og at fleire vel å engasjere seg i politiske parti, seier ho til Dagsavisen. (©NPK)