Årets fredsprisfotograf viser kroppen som slagmark

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Valden er i mange tilfelle så brutal at den er nesten umogleg å formidla gjennom dokumentarfoto. Eg håpar illustrasjonane i bileta hjelper publikum å ta inn over seg ofra sine opplevingar, seier fotograf Cristina de Middel i ei pressemelding.

«Kroppen som slagmark»

Årets fredsprisfotograf brukar konseptuell fotokunst for å illustrera dei grusomme lovbrota årets fredspris handlar om.

Den 43 år gamle spanske fotografen Cristina de Middel har base i Mexico og Brasil. Foto: Bruno Morais

Hennar bilete er ein del av årets fredsprisutstilling, «Kroppen som slagmark», som handlar om seksuell vold som våpen i krig. Utstillinga er eit samarbeid med Norad, og er støtta av Oslo kommune.

Den spanske fotografen, som er nominert til medlemskap i Magnum Photo, har òg nyleg møtt og fotografert begge fredsprisvinnarane. Denis Mukwege er fotografert på sjukehuset han driv i Kongo, saman med nokre av dei tusenvis av kvinnene han har behandla.

25 år gamle Nadia Murad, som har fortalt om overgrepa ho og andre yazidi-kvinner vart utsett for av IS-soldatar, er fotografert i Paris der ho møtte statsleiarar og fortalde si historie.

Les også: Ragnhild har jobba tett med årets fredsprisvinnar

Publikum blir oppmoda til å handle

Utstillinga på Nobels fredssenter opnar 11. desember, dagen etter fredsprisvinnarane Denis Mukwege og Nadia Murad har fått utdelt prisen under ein Nobelseremonien i Rådhuset.

Fredsprisvinnarane kjem til å vere med å opna utstillinga om seg sjølve, deira arbeid og korleis seksuell vald har blitt og framleis blir brukt som våpen i krigar over heile verda.

I tillegg til å læra meir om fredsprisvinnarar og saka vil Nobels fredssenter nytte utstillinga til å få besøkande til å engasjera seg. Inne i utstillinga kan publikum nemleg senda ei oppmoding til Riksadvokaten om å syte for at slike lovbrot blir straffeforfølgt.

Direktør for Nobels Fredssenter, Liv Tørres, meiner det vil senda viktige signal som reduserer sjansane for nye lovbrot.

– Me har eit lovverk i Noreg som forbyr seksuell vald. Norske myndigheiter har dermed verktøy og moglegheiter til å bidra aktivt og konkret i kampen mot seksuell vald ved å stille folk til ansvar og straffeforfølgja slike lovbrot, seier Tørres i pressemeldinga.