Dummar seg ut på Facebook
Foreldre er uforsiktige og gjer dumme ting på Facebook, dei også.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ei undersøking gjort ved University of Guelph i Canada syner at alder ikkje nødvendigvis er ein faktor når det handlar om å gjere dumme ting på Facebook.
Den avslører at både unge og vaksne deler meir om seg sjølve på Facebook enn dei ville gjort i andre samanhengar. Undersøkinga vart gjort i to grupper: ei med 285 menneskje mellom 19 og 71 som ikkje studerte, og ei med 288 unge mellom 9 og 18 år.
Undersøkinga viser vidare at det er ein samanheng mellom kor mykje tid du bruker på Facebook og kor mykje du legg ut om deg sjølv. Både dei unge og dei vaksne i undersøkinga delte meir jo meir tid dei brukte på Facebook. Unge delte mest om seg sjølv, men berre fordi dei bruker meir tid på Facebook. Og dei vaksne viste seg å vere mindre opptekne av kva konsekvensar deling av informasjon har for dei.
Les også: Er du avhengig av Facebook?
Deling av informasjon og engasjement i diskiusjonar er ein vesentleg del av det å vere på Facebook. Kva andre seier om deg er også viktig.
– Dei mest populære på Facebook er dei som er aktive sjølve og som engasjerer andre, seier ein psykologistudent som var med på undersøkinga.
– Facebook er ein arena som oppmuntrar folk til å dele personleg informasjon. Folk som ønskjer sterkt å vere populære bryr seg sikkert om privatlivet sitt, men dei er truleg ikkje så villige til å ofre populariteten sin ved å avgrense profilane sine.
Vilja til å ofre privatlivet for popularitet er like stor i båe grupper.
Ungdommane i undersøkinga bruker gjennomsnittleg 55 minutt dagleg på Facebook, medan dei vaksne bruker 38.
HAR DU SAGT OG GJORT TING PÅ FACEBOOK DU HAR ANGRA PÅ?