Me deler alle eit språk

«Me treng ikkje ord, me treng berre song», skriv 15 år gamle Gjøa Sveinsdotter Holmefjord.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Musikk har ingen grenser. Han strekkjer seg frå nord til sør. Frå aust til vest. Tonar kjem frå Asia, tar med seg ei strofe frå Europa og dreg vidare til Sør-Amerika for å blanda seg med rytmar og trommeslag. Musikk har alltid vore, og er framleis, eit fellesspråk for heile verda. Han har vore med menneske i gode og vonde tider, gjeve trøyst og glede, og han bind menneske saman.

Alle krokar av verda yrer av tradisjon og gamle skikkar. Det er det som knyter oss til fortida vår og hjelper oss å hugsa kvar me kjem frå, og kven som har gått føre oss. Denne tradisjonen er viktig for mange, og ofte er den knytt opp mot musikk.

Musikk har alltid vore, og er framleis, eit fellesspråk for heile verda

I Asia har dei gongongar og fløyter som mange forbind med gammal tradisjon og kultur. Afrika har trommer laga av geiteskinn, som framleis har ei sentral rolle i kvardagen til mange stammer. I Australia er didjeridu eit ikonisk instrument som står sentralt i aboriginarane sine tradisjonar, medan her i Noreg er hardingfela kjent som kjelda til mykje norsk tradisjonsmusikk.

Alle desse musikktradisjonane skapar eit felles samband mellom menneske og gjer at me kan dela kulturarven vår med andre.

Musikk har skapt eit fellesspråk på tvers av landegrenser og dei store hava på kloden vår. Gjennom tonar og melodiar kan menneska på kvar si side av verda kommunisera. Ved hjelp av teknologi og ulike streaming-tenester har me no moglegheita til å høyre musikk frå heile verda, og me treng ikkje lenger nøya oss med det vetle utvalet som ein før kunne få tak i her i landet.

Kvar dag blir det laga, produsert og delt ny musikk som me alle kan ha glede av. Verda sitt fellesspråk er farga med nye ord, spennande uttrykk og dialektar utan tal, og det veks for kvar dag som går.

Gjennom tonar og melodiar kan menneska på kvar si side av verda kommunisera

Språket vårt har fleire skriftformer. Det har musikken også. Tonar og akkordar er ein måte å skriva med musikk på. Det er songtekstar også. Desse skriftspråka kan bevara musikken og gi den ein sjanse til å bli hugsa. Slik kan tradisjonar og musikkarv leva vidare i lange tider og gjennom mange mannsaldrar. Nedskriven musikk gir oss hjelp på vegen til å bevara folketonar og gamle songar, slik at dei ikkje blir gløymt.

Når eg skal læra ein ny hardingfeleslått må eg kopiera det læraren min gjer. Eg har ikkje notar å gå etter. Det er ei direkte formidling frå lærar til elev, slik musikk tradisjonelt har blitt formidla. Nyleg har eg byrja å ta opptak av slåttane eg lærer for å hjelpa meg å hugsa, slik me i moderne tider har me byrja å spela inn musikk for å ta vare på den. Innspelingar er den nye måten å formidla og spreie musikken på.

På grunn av dette høyrer eg ikkje berre på hardingfelemusikk, men også på K-pop. Tekstane går over hovudet på meg, men songen og melodiane rører meg. Kjenslene songarane viser når dei syng viser på overflata og eg høyrer sinnet, gleda og kjærleiken dei syng om i stemma deira.

Eg høyrer sinnet, gleda og kjærleiken dei syng om i stemma deira

Den non-verbale sida av musikken skaper iver og sterke kjensler i oss. Dei fleste av oss kan ikkje andre språk enn vårt eige morsmål, og kanskje om me var flinke på skulen, eit par til. Eg kan ikkje koreansk. Eg kan ikkje spansk heller, men eg kan kjenna kjenslene til folk på måten dei syng på, eg kan lesa kroppsspråk og tolka melodiar.

Det er slik me blir glade når me høyrer «Hakuna Matata». Me kjenner oss tunge om hjartet når Adele syng «When we were young» i det helten og heltinna i kjærleiksfilmen går kvart til sitt. Eg blir glad, men også litt trist når eg høyrer «When you love someone» av DAY6. Når dei siste tonane av salmen «Deg være ære» stille legg seg og det senkar seg ei ro over følgjet som står rundt den nye grava på kyrkjegarden. Det er det song gjer. Det er det musikken skaper. Eit språk me alle kan ytra. Me treng ikkje ord, me treng berre song.

Treng du ei oppmuntring? Høyr på «Hakuna Matata»: 

https://www.youtube.com/watch?v=xB5ceAruYrI

Les også: Korleis K-pop reddar verda

Denne teksten var eit av bidraga til Framtida.no, Magasinett og Foreningen !les sin skrivekonkurranse om song. Vinnarbidraget kan du lese her