Knuser gutane i nettlesing

Ta PISA-testen her, og sjå kor god du er!

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Prøv deg på PISA- testen her!

Hadde det ikkje vore for flinke jenter, ville norske 10.-klassingar prestert godt under gjennomsnittet i digitale leseferdigheiter.

Det viser dei siste PISA-tala, som blei offentleggjort tysdag formiddag. Norske 15-åringar ligg ganske nøyaktig på gjennomsnittet av dei 16 OECD-landa som er med i PISA-undersøkinga om digitale leseferdigheiter. Endå ein gong viser det seg at jentene gjer det klart betre enn gutane, også på nettlesing.

Størst kjønnsgap i Noreg og New Zealand
Det blir presisert i rapporten at det er tydeleg forskjell mellom jentene og gutane si evne til å lese, forstå, evaluere og navigere seg gjennom ein mengd nettbaserte tekstkjelder i alle deltakarlanda. Men berre New Zealand, som har avvik på 40 poeng, har større kjønnsgap enn Noreg, med eit avvik på 35 poeng. Gjennomsnittleg kjønnsgap ligg på 24 poeng i digitale leseferdigheiter, mens tilsvarande tal for boklege leseferdigheiter ligg på 39 poeng.

I Noreg er det like stor forskjell mellom kjønna enten det er snakk om digitale eller analoge leseferdigheiter.

På 10. plass
Samanlagt kjem Noreg på tiandeplass av dei til saman 19 deltakarland i undersøkinga der 16 OECD-land og tre partnarland deltok, blant anna Hongkong og Colombia.

Når det gjeld bruk av datamaskin heime kjem derimot Noreg på andreplass. 98, 7 prosent av norske 15-åringane brukar data heime, og med det blir Noreg berre så vidt slått av Island med 0,4 prosentpoeng – utan at det hjelper på dei digitale leseferdigheitene. (©NPK)

Sjå døme på oppgåver frå PISA-testen her (vis tolmod – litt treigt akkurat no)!
(brukarnamn: public   Passord: access )