Jakka til Michael Jackson selt for 10 millionar
Den raude lærjakka frå Thriller-videoen blei i helga selt på auksjon for 1,8 millionar dollar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Den raude og svarte jakka med skulderputer stakk seg ut mellom gjenstandane til popstjerner som Beatles, Madonna og Elvis som var lagt ut til sal på auksjonen i California, nøyaktig to år etter at Jackson døydde.
Kjøparen er ein gullhandlar frå Texas, og jakka blir nå sendt på turné i USA for å samla inn pengar til barnesjukehus.
Andre gjenstandar som blei selt, var den handskrivne teksten til Jacksons «We Are the World» for 270.000 dollar og eit par solbriller til 20.000 dollar.
Elles blei støvlane til Frank Sinatra selde for 2.500 dollar, Jaguaren hans for 19.000 dollar og sysakene Elvis Presley hadde då han var i hæren, for 1.536 dollar. Kappa Ringo Starr hadde på seg i filmen Help gjekk for 37.500 dollar, fem gonger meir enn venta. (©NPK)