Jenter har det verre enn gutar

Jenter i tenåra har eit så negativt kroppsbilde at det går ut over livskvaliteten, viser ei norsk undersøking.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Undersøkinga inngår i ein doktorgrad og er gjort på 20 skolar på Austlandet blant elevar i alderen 8–18 år. Elevane vart spurt om fysiske og psykiske plager, sjølvbilde og korleis dei trivst på skolen og heime.

Resultata viser at barn og unge som opplever langvarige smerter, som blir mobba og har eit negativt kroppsbilde, får svekt livskvaliteten. Negativt kroppsbilde er det som betyr mest i høve til korleis dei unge opplever livskvaliteten, og jenter opplever oftare enn gutar å ha langvarige smerter, skriv Aftenposten.

LES OGSÅ: God hjelp i å snakka om problem

– Jenter har eit meir negativt kroppsbilde enn gutar. Dei er mindre nøgde med seg sjølve, seier forskar Kristin Haraldstad, som står bak doktorgradsarbeidet.

Studien hennes viser at skilnaden er stor mellom gutar og jenter, og at livskvaliteten var lågast hos unge mellom 16 og 18 år. (©NPK)