Margreth Olin les nobelprisvinnarar på stranda og i godstolen.

Einar Nygaard
Publisert

– Eg les heile tida, skriv Margreth Olin i ein e-post til Framtida.no.

Ho er kanskje mest kjent som filskapar, med dokumentarar som Fedrelandet (2023), men har nyleg skrive si andre bok, kjærleiksromanen Utan språk for kjærleik. 

Når ho ikkje skriv, les Olin alt mogleg.

– Bøker, rapportar, nyheiter, reportasjar.

Men ho ser og mykje på bilete, seier ho.

– Det er også ei form for lesing for meg. Å lese seg inn i eit bilete

Namn: Margreth Olin
Alder: 56
Frå: Stranda
Utdanning: Bachelor i film og tv, og grunnfag i medier og massekommunikasjon
Yrke: Filmregissør, filmprodusent og forfattar

På nattbordet til 56-åringen ligg bøker av to prisvinnande forfattarar: Villfarne stjerner av Tommy Orange og Den dagen Nils Vik døde av Frode Grytten.

Aller helst les forfattaren skjønnlitteratur og sakprosa. Ho har ikkje berre ein plass ho les, men tek med seg bøkene rundt.

– På reise, i hagen, ved havet, på sofaen og i lesestolen.

Hugsar mora si songbok

Då ho var lita, hugsar ho at mora las eventyr for ho.

– Men mest song ho frå Songboka si, der ho hadde skrive ned viser ho hadde lært av far sin.

I tenåra var det Trygve Gulbranssen som gjorde størst inntrykk. Med historia hans om Bjørndalsfolket er han den mestseljande norske forfattaren du kanskje ikkje har høyrt om.

Likevel er det ein svensk forfattar som står bak boka ho skulle ønske ho hadde skrive.

– Det er Nedstørtad Engel av Per Olov Enquist.

Stjernespekka middag

– Kva meiner du gjer ei bok god?

– At ho får meg til å kjenne meg mindre einsam. Samklang. At lengten eg ber på blir stille. Og at språket i seg sjølv opnar ei ny verd for meg. Som i Kvitleik av Jon Fosse.

Olin har ikkje berre ein karakter ho kjenner seg igjen i.

– Eg kan kjenne meg igjen i alt menneskeleg, skriv ho.

Skulle ho invitert på middag, ville det blitt stjernespekka, med to nobelprisvinnarar i Han Kang og Jon Fosse. I tillegg ville ho invitert Ocean Voung, ein prisvinnande poet og forfattar, som mellom anna har skrive «På jorda er vi glimtvis vakre».

– Om du berre skulle lese bøker frå éin forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Akkurat no er svaret Annie Ernaux. Det endrar seg.

Ernaux blir rekna som ein av frankrikes fremste forfattarar, og vann nobelprisen i litteratur i 2022.

Om hennar nye bok, Utan språk for kjærleik, blir filmatisert har ho kanskje ein tanke om kven ho vil skal vere hovudrolla. Men førebels er ho taus om kven ho tenkjer på.

– Det kan eg ikkje røpa. Kva om det skjer?