Eg likar litteratur og eg likar spel. Kva er vel då betre enn eit litterært spel? Det tenkte eg først.

Hanna Marie Haug
Publisert

Simon Stranger har skrive ei ambisiøs bok der ein sjølv vel korleis historia skal gå. Etter å ha lese ho ferdig (fleire gonger, for her er mange alternative ruter), teiknar det seg eit bilete av kva som er greia.

Her er fire verdsdeler: Europa, Asia, Afrika og Amerika. I alle dei finst det ei handfull hovudkarakterar. Dei lever forresten på ulike tider også. Og alt heng saman. Sjølv om det tek litt tid å finne ut av.

Minna om scrolling

Litteratur og spel. Eg fann undervegs ut at eg set pris på dei av ulike grunnar. Litteratur likar eg fordi eg «drøymer meg bort». Ein drøymer berre når ein søv, så det blir eit slags bilete på at å lese er å kvile. Spel likar eg fordi det vekkjer eit konkurranseinstinkt. Fordi eg vil vidare, eg vil ha framdrift og spenning. Adrenalin.

Kan ein smertefritt kombinere dei to? For meg vart det vanskeleg. Nokre avsnitt er litt vel korte, og nokre overgangar litt vel kunstige. Ein er innom så mange historier at eg ikkje finn roa, og ikkje rekk å bli verkeleg rørt. Det kan minne litt om scrolling på telefonen, og det er ikkje det eg vil når eg les.

 

Du må velge

Forfattar: Simon Stranger
Forlag: Flamme Forlag
Utgjeve: August 2026
Sjanger: Roman

Dessutan må eg innrømme at eg juksar litt. Skummar meg gjennom for å sjå kva dei ulike alternativa inneber. Mogleg dette seier meir om meg enn om boka, og mogleg Stranger ikkje har noko imot det.

Ei perspektivbok

Dei store temaa i boka er globalisering, klima og menneskemøte. Her er mykje om kjærleik. Eg vil kalla ho ei perspektivbok – for ho tek føre seg mykje. Eg beundrar prosjektet og har inntrykk av at forfattaren driv ein slags kampanje for å motarbeide urett i verda. Men eg er redd det berre blir ei forlenging av apatien som truar i møte med all liding.

Boka er skrive i «du»-form, som er noko uvanleg. I journalistikken gjer ein det for å tiltrekkje seg merksemd, når ein vil understreke at det gjeld «deg». Som eit slags salstriks. Eg lurer litt på kvifor Stranger har skrive det slik, og trur det bidreg til kampanje-preget. Elles er språket godt og beskrivande. Eg ser ting føre meg, òg ting eg ikkje har føresetnad for å sjå. Stranger får plass til mykje i lite. Boka lid litt av å vere kortfatta, men ikkje alle vil meine det er ei liding.

Og så er det utan tvil noko moro og imponerande over det heile. Boka talar til ulike sider av leselysta mi. Kva er det eg vil når eg les? Å lære noko heilt nytt? Å kjenne meg att? Å bli kjenslemessig gripen? Å bli underhalden? Eg fekk litt av alt her. Og eg likar at døden er eit hyppig alternativ. Det gjer boka meir realistisk.

Fri vilje?

Om du aldri har teke stilling til spørsmålet om fri vilje, kan dette vere eit startskot. Boka heiter Du må velje, og samstundes presenterer forfattaren òg ein annan teori: Eit deterministisk syn, som inneber at alt er bestemt på førehand. At vi eigentleg ikkje har fri vilje, fordi alle «vala» våre er resultat av mange faktorar vi ikkje har kontroll over. Er det eit bevisst val at du les denne omtalen, for eksempel? Det er merkbart at Stranger er filosof.

Mot slutten av boka oppmodar han oss til å gå ut og leve våre eigne liv. Mellom linene les eg òg at han oppmodar oss til å tenkje litt lenger. Vi er knytte saman med så mykje meir og mange fleire enn vi trur. Det er litt talande at boka kjem i august, ein månad som for mange inviterer til nye val og moglegheiter. Ein må berre tore å velje noko.