Supergirl er underhaldande, men sløsar bort potensialet til hovudrollene.

Rakeb Berhanu Erana
Publisert

Eitt år etter Superman følgjer DC opp med Supergirl, som skal by på ein mørkare tone. Publikum var både imponerte, glade og sure over Superman.

Eg håpa at Supergirl skulle ha same effekten. Dessverre vart det ikkje slik, men eg set pris på forsøket.

Supergirl

Nasjonalitet/språk: USA

Regi: Craig Gillespie

Noregspremiere: på kino 26. Juni

Aldersgrense: 12 år

Sjanger: Action, Sci-fi, superhelt

Filmlengde: 108 minuttar

Hemntokt med avsporingar

Handlinga, skriven av Ana Nogueira, skal eigentleg vera ei enkel og rett fram heltereise. Eg meiner dette er positivt: Filmar treng ikkje å vera innvikla, med fem forskjellige metanarrativ i Christopher Nolan-stil og subplot ein må dekryptera, for å vera interessante.

Me møter Kara (Supergirl, niesa til Superman) på ferda hennar gjennom verdsrommet saman med hunden hennar, Krypto. Parallelt møter me den unge Ruthye. Då Kara og Ruthye kryssar vegar, skadar kjeltringen som drap familien til Ruthye, Krypto. Dermed hamnar dei to på jakt etter mordaren, både for å få hemn og for å redda Krypto.

Men på denne heltereisa er det altfor mange mellomstopp som sløsar bort tid, og fleire overflødige og unødvendige avsporingar. Resultatet er ein film som er solid når han held seg på sporet, men som skuffar for kvar einaste avsporing.

Får ikkje nok å spela på

Craig Gillespie, kjend frå I, Tonya (2017) og Cruella (2021), er regissøren – noko eg synest er eit interessant val. Begge filmane han er kjend for, byr på sterke og fleirdimensjonale kvinnelege hovudkarakterar utan å redusera dei til stereotypiar eller hamna i kvinnefiendtlege fallgruver. Store superheltfilmar har ikkje det beste rullebladet på dette området, så eg forstår kvifor DC ynskja Gillespie som regissør for Supergirl.

Hovudrolla er spela av Milly Alcock, kjend frå House of the Dragon. Alcock spelar Kara utruleg godt med materialet ho har fått, og gjev ei truverdig framstilling av ein 23 år gamal person som ikkje passar inn nokon stad. Det kan verka som om Alcock ikkje gjev karakteren nok emosjonell djupne, men Kara er stoisk og kald på grunn av oppveksten sin. Problemet er at filmen ikkje gjev Alcock nok å spela på for å visa dette fram.

Dessutan har me den unge Eve Ridley, som spelar Ruthye og viser seg å vera ein dyktig skodespelar. Karakteren hennar lid under mangelen på substans, og blir dessutan sett på sidelinja store delar av filmen, trass i at ho har stort potensial med spennande opphav.

Stel filmen

Jason Momoa og Matthias Schoenaerts spelar høvesvis Lobo og skurken Krem of the Yellow Hills. Eg føler med den flinke skodespelaren Schoenaerts, som har fått ei meiningslaus rolle. Karakteren hans har knapt personlegdom og er berre der. Momoa, derimot, fekk desidert den mest underhaldande karakteren i heile filmen. I ein film der ein vart lova dynamiske kvinnelege karakterar, smertar det meg å seia at Lobo stel filmen. Eg storkosa meg kvar gong han var på skjermen, og han har alltid god kjemi med både Kara og Ruthye.

Difor tvilar eg på heile ideen om at Gillespie er eksepsjonelt god til å gje liv til kvinnelege karakterar på storskjermen, når den beste karakteren i filmen er ein mannleg birollefigur. Dette er ekstra synd når både Alcock og Ridley strålar kvar gong dei faktisk får godt materiale å spela på. Eg meiner dette er det største brotsverket filmen gjer: Han sløsar bort potensialet til både Kara og Ruthye.

Kreativ latskap

Lydbiletet liknar det frå Superman og reflekterer godt den røffe personlegdommen til Kara og utviklinga hennar. Den visuelle stilen er derimot ein regresjon tilbake til fargelause og eintona superheltfilmar. Sidan Supergirl tek føre seg tyngre tema enn Superman og skildrar slumområde, treng ikkje filmen å vera like eksplosiv i fargebruken.

Likevel betyr ikkje det at kvar planet Kara vitjar skal sjå heilt lik ut. Fattigdom, slumområde, svarte marknader og liknande ser ulike ut frå land til land her på jorda, så kvifor skulle ikkje det same gjelda i verdsrommet? Dette vitnar berre om kreativ latskap frå filmskaparane.

Illustrasjon: Canva

Sjølv med alle desse negative sidene er Supergirl framleis underhaldande og har mange kvalitetar. Kara, Ruthye og Lobo er sympatiske gjennom heile filmen og fungerer godt når handlinga ikkje står i vegen. Fleire av slåstkampane er spennande, lydbiletet er kreativt, og enkelte gonger er den visuelle stilen verkeleg imponerande.

Eg sit igjen med ei kjensle av skuffelse etter å ha sett Supergirl, men den kjensla blir overmanna av spenning for neste gong eg får sjå desse karakterane på storskjermen, i Man of Tomorrow neste år. Forhåpentlegvis med ei betre handling og ei tydelegare retning som lèt dei nå det fulle potensialet sitt.