Ingen dømde for konverteringsterapi: – Betyr ikkje at det ikkje skjer
– Uansett om det kjem politimeldingar eller ikkje, set lova ein standard for kva vi som samfunn meiner er greitt og ikkje, meiner Solveig Gjesdal i Skeivt kristent nettverk.
Politiet har motteke tre meldingar om konverteringsterapi etter at praksisen vart forboden i desember 2023.
Det opplyser politiadvokat Karianne Worren i nasjonalt kompetansemiljø innan hatkriminalitet ved Oslo politidistrikt i ein e-post til Framtida.
Alle sakene er lagde bort, og ingen er dømde, opplyser Worren.
– Betyr ikkje at det ikkje skjer
Solveig Gjesdal, generalsekretær i Skeivt kristent nettverk (SKN), fryktar at det er mørketal, og understrekar at det – som ved andre overgrep – er ei belasting for offeret å melde saka til politiet.
– Det betyr ikkje at konverteringsterapi ikkje skjer, skriv ho i ein e-post til Framtida.
Gjesdal skriv at det er ein prosess for mange å anerkjenne at det har vore belastande å vere i ein kultur kor legninga og identiteten deira vert sett på som synd.
– Det kan ta tid å tore å snakke om det, og eventuelt å velje å politimelde.
For mange vil det å melde til politiet, vere å gå imot sine eigne, skriv ho.
Set ein standard
Ho understrekar at lova er viktig sjølv om det ikkje har komme mange politimeldingar.
– Lova set ei grense, bidreg til bevisstgjering, og ho tydeleggjer at ein ikkje skal påverke andre til å undertrykke, fornekte eller endre kjønnsidentiteten sin eller den seksuelle orienteringa, skriv ho.
Gjesdal meiner det viktigaste er at lova er normgivande.
– Uansett om det kjem politimeldingar eller ikkje, set lova ein standard for kva vi som samfunn meiner er greitt og ikkje.
SKN opplever at vissa om at ein kan ta kontakt med politiet om slike saker, gir ein tryggleik, avsluttar Gjesdal.






