Oda og Nicolai kjempar om å bli ny Unge Høgre-leiar

Nicolai Østeby utfordrar Oda Røhme Sivertsen, som er innstilt til leiarvervet i Unge Høgre. I helga skal landsmøtet velje den dei meiner er den beste kandidaten.

Einar Nygaard
Publisert

– Eg blei utruleg glad for den tilliten. Det er jo et veldig stort og viktig verv

Oda Røhme Sivertsen (27) er frå Ullern i Oslo. Foto: Unge Høgre

Det seier Oda Røhme Sivertsen (27). Ho har vore leiar av Unge Høgre sidan i vinter, då Ola Svenneby gjekk av for å bli nestleiar i Høgre. No er ho innstilt av valkomiteen til å halde fram med å leie Unge Høgre i perioden 2026–2028.

Om ho blir det eller ikkje, skal Unge Høgre røyste over denne helga. Som motkandidat får ho Nicolai Østeby (23), som no er nestleiar.

Skal finne seg sjølv

– Eg trur og håper eg blei innstilt fordi eg alt har gjort ein god jobb for Unge Høgre, med både det politiske og organisatoriske prosjektet, seier Sivertsen. 

Ho synest det er ei veldig spennande tid, kor Høgre skal finne seg sjølv på nytt.

– Ungdomspolitikken er veldig i fokus. Mitt prosjekt har jo vore å ta opp dei sakene som Høgre ikkje alltid snakkar om.

Sivertsen er opptatt av at ein må snakke om kva for moglegheiter unge har til å lukkast.

– Eg meiner at denne regjeringa har oversett at det er veldig mange steg i det med å bygge sitt eige liv, som har blitt vanskeleg for denne generasjonen med unge, seier ho. 

Politisk utfordrar

Nicolai Østeby trekk fram utfordingane til unge i dag som ein grunn til at han vil bli leiar for Unge Høgre.

Nicolai Østeby (23) er frå Kristiansand. Foto: Unge Høgre

Min motivasjon er fyrst og fremst djupt politisk. Vår generasjon ligg an til å bli den fyrste som ikkje får oppfylt generasjonskontrakten på same måte som dei som kom før oss. Som ligg an til dårlegare velferdstenester og meir usikkerheit. Min motivasjon handlar om å gjere noko med det, seier han. 

Østeby hadde ikkje stilt som leiarkandidat om han ikkje trudde han var rette mannen til å få til det.

– Men Unge Høgre er eit stort lag. Vi er ein stor organisasjon, og det skal ikkje vere noko «one man show».

Ingen bitter strid

Østeby snakkar varmt om motkandidaten sin, og har stor respekt for utfallet av leiarvalet, kva enn det måtte bli.

– Oda er ein drivande dyktig politikar og eg har stor respekt for at ho har lyst til å fortsette i den rolla ho har hatt sidan februar. Og så tenker eg at det er helt rettferdig at Unge Høgre sitt landsmøte får ta stilling til kven dei ønsker at skal leie Unge Høgre vidare.

Det er Sivertsen heilt samd i.

– Det er bra at det er fleire som har lyst til å ha dei viktige verva. Det er heller ikkje så unaturleg at ein etter nesten seks år med Ola Svenneby som leiar, har litt større diskusjonar om kva som er vegen vidare. Det er mange som berre har kjent til Olas Unge Høgre. Då er det ikkje så unaturleg at ein har diskusjonar om kva som er rett.

Ei ny tid for Høgre

Trass i at Høgre gjorde eit dårleg stortingsval og ligg rekorddårleg an på målingane, har Unge Høgre vakse, og dei gjorde eit rekord-godt skuleval i 2025.

Både Sivertsen og Østeby erkjenner at Høgre er svekt, men begge to trekkjer det fram som ei moglegheit til å vere med å forme framtida til partiet.

– Ein kan vel seie at Høgre ikkje har vore på sitt beste dei siste åra. Eg meiner at vi har god politikk, og at vi har vore gode på kommunikasjon, men at vi rett og slett har snakka veldig mykje med innestemme, og kome litt i skuggen av spesielt Arbeidarpartiet og FRP. Så der meiner eg at vi må bli tydelegare, seier Sivertsen.

– Høgre sin største utfordrarar framover er jo Høgre sjølv. Jo meir vi snakkar om at det er vanskeleg å stå i ein skvis mellom Arbeidarpartiet og FRP, jo meir gjer vi oss sjølve ei bjørneteneste, meiner eg. Det interessante er jo ikkje å diskutere kva vi skal gjere for å skilje oss frå Arbeidarpartiet og FRP, men kva svar vi skal ha på dei store utfordringane vi står overfor, meiner Østeby.

Likevel synest han det er spennande å få vere med å forme det nye Høgre.

– Det er kjempegøy. Eg trur vi har ganske mykje vi skulle sagt i moderpartiet. Meir enn i andre ungdomsparti, om eg skulle gjette, seier han.

Sivertsen understrekar at dette ansvaret er noko ein må forvalte riktig.

– Eg trur det er veldig bra å få merksemd, men eg er opptatt av at vi ikkje skal vere eit parti som berre spelar på sakene som er dagsaktuelle, for da er vi jo berre så aktuelle som dei døgnflugene er. Eg trur jo at Unge Høgre og Høgre skal ha ein annan bredde enn det parti som KRF og FRP gjerne har. Vi kan absolutt få kontroversielle meiningar og få mykje merksemd for det, men vi skal også ha ein litt større strategi på at vi skal ha ein bredde i politikken vår, seier ho. 

Unge Høgre har sitt landsmøte frå 19.–21. juni.