Store kunnskapshol om demokratiet blant 18-åringane i landet

Ein firedel av norske elevar i 2. klasse på vidaregåande skule er demokratisk fråkopla. Tala er nedslåande, meiner kunnskapsministeren.

NPK-NTB
Publisert

For første gong på 20 år er det gjort ei nasjonal kartlegging av kva kunnskap elevar i vidaregåande skule (VG2) har om demokrati. Studien byggjer på data frå vel 3 200 Vg2‑elevar.

– Kunnskap om demokrati, og høg deltaking i demokratiet, er avgjerande for eit godt samfunn. Resultata viser at altfor mange veit altfor lite, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) i ei pressemelding.

I tillegg til låg deltaking og låg interesse for demokratiet, har mange elevar store kunnskapshol om politiske institusjonar, maktfordeling og sentrale rettsstatsprinsipp.

No opplyser kunnskapsministeren at det er starta eit omfattande arbeid i samarbeid med Utdanningsdirektoratet med å endre vidaregåande skule.

Nordtun fortel at rapporten frå forskarane blir viktig i arbeidet med å forme ut framtidas vidaregåande skule-opplæring, men det må gjerast grep allereie no.

– Elevane må ha dei grunnleggjande ferdigheitene på plass for å kunne delta i samfunnsdebatten, seier Nordtun til slutt.