Skjervø beklagar feilaktig informasjon om bachelorgrad
AUF-leiar Gaute Skjervø beklagar at han har oppført ei bachelorgrad på Linkedin-profilen sin sjølv om han manglar 30 studiepoeng på grada.
Skjervø kjem med uttalen etter at det kom fram at han har oppført ei bachelorgrad i statsvitskap frå NTNU på LinkedIn-profilen sin. Det sjølv om grada ikkje var ferdig fullført.
Skjervø starta bachelorgrada si i 2014. I 2019 leverte han bacheloroppgåve, men han manglar framleis 30 studiepoeng for å få grada.
– Det er flautt å ikkje ha fullført grada, og det er flautt å ikkje ha oppdatert LinkedIn. Det burde eg ha gjort, og det legg eg meg flat for, seier Skjervø til avisa.
– Eg har ikkje oppgitt å ha fullført ei bachelorgrad når eg har søkt jobb, seier Skjervø.
Han viser òg til at då han stilte til val som stortingsrepresentant i 2021, så sa han ikkje til VG at han hadde fullført ei grad, men at han hadde studert ved NTNU.
Skjervø opplyser at han ikkje har tilgang på LinkedIn-kontoen og difor ikkje har endra opplysningane om bachelorgrada.
iNyheter omtalte saka først.






