Sjølvkritisk Skjervø: – Set ikkje dagsordenen
Avtroppande AUF-leiar Gaute Skjervø seier at sjølv om venstresida styrer landet, er ho i ferd med å miste grepet om kulturen.
– Etter 16 år i ungdomspolitikken og to år som leiar av AUF står det ganske klart for meg at dei som bestemmer kva folk tenkjer og bryr seg om, er dei som sit med pengemakta, seier Skjervø til Klassekampen.
Skjervø meiner venstresida har vore for dårleg til å forstå korleis TikTok, sosiale medium og pengemakt pregar norsk politikk.
– Det finst ikkje éin podkast på venstresida som kompisane mine på Levanger høyrer på. Ikkje éin stor Facebook-konto, ikkje éin Instagram-konto, ikkje éin YouTube-kanal som set dagsorden, seier han.
Skjervø har teke til orde for at det trengst ei ny maktutgreiing, etter modell av dei to tidlegare forskingsprogramma som har kartlagt makt- og demokratiforholda i Noreg.
– Førre gong vi hadde ei maktutgreiing, var milliardærar så vidt eit omgrep i norsk samfunnsdebatt. I dag er dei nærast ein adel. Men forståinga av kva det gjer med kulturen, har vi ikkje teke innover oss, seier Skjervø.
Ap stemde denne våren ned Raudts forslag om ei slik utgreiing.






