Studie: Tidleg ADHD-diagnose gir betre skulegang

Barn som får ADHD-diagnose tidleg i barndommen, har langt større sjanse for å fullføra utdanning enn dei som får diagnosen først i tenåra.

NPK-NTB
Publisert

Det viser ein ny finsk studie publisert i Jama Psychiatry omtalt på videnskab.dk, ifølgje Utdanningsnytt.

– Å få diagnosen er ofte ein inngang til behandling og støtteordningar som kan bidra til å forbetra resultata til barna i skulen, seier Lotta Volotinen, ph.d..-student ved Universitetet i Helsingfors til vitenskab.dk.

Dei som fekk ein tidleg ADHD-diagnose, hadde som 16-åringar høgare karaktergjennomsnitt, større risiko for å fullføra vidaregåande og lågare risiko for å droppa ut seinare enn dei som fekk diagnosen seinare, ifølgje studien.

For dei som får diagnosen seint, aukar risikoen for å stå utanfor utdanning som 20‑åring stort. Blant gutar steig denne risikoen frå 9 prosent ved tidleg diagnose til 30 prosent ved sein diagnose.

Barn som blir seint fanga opp, har ofte opplevd mange nederlag, påpeikar professor Per Hove Thomsen ved Aarhus Universitet.

– Mykje kan ha gått gale når ein har fylt 13 år. Barnet har kanskje vorte marginalisert sosialt og komme fagleg bakpå på grunn av utfordringane sine, seier han.