Ny leiar: Eva (27) var meir engasjert i verva enn i studiet

Eva Franko Aas (27) meiner KI-debatten er for smal og ville ete middag med Mímir og Hemmingway.

Einar Nygaard
Publisert

– Eg har kome meg litt etter helga no. Det var kjempe-, kjempegøy, men det er òg litt uverkeleg for meg. Det tok meg nokre dagar å la det søkke heilt inn.

Eva Franko Aas er nyvald leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO), etter at landsmøtet røysta ho fram denne helga.

– Det er mitt tredje landsmøte, og det er ei heilt eiga stemning å vere der. Folk er så engasjerte og så flinke.

Eva Franko Aas

Alder: 27

Personleg pronomen: Ho/Henne

Frå: Oslo, Nordstrand

Yrke/utdanning: Bachelor i marknadsføring og merkevareleiing

Favorittfag på skulen: Historie og filosofi

Ulike verv: Leiar av Studentunionen på Høyskolen Kristiania. Tidlegare klasse-, fakultets- og landstillitsvald i NSO.

Medlem i: Norsk Studentorganisasjon

 

Ho synest det er vanskeleg å trekke fram berre éin viktig ting frå landsmøtet.

– Eg synest jo det er kjempekult at vi har fått ei heilt ny velferdspolitisk plattform. Det er jo eitt av dei høgaste politiske dokumenta NSO har. Eg synest både at ho blei veldig god, og at det var veldig stas å sjå alle kome saman for å formulere dokumentet.

Vil vere ein samlande leiar

– Kva slags leiar vil du vere?

Eva Franko Aas. Foto: Privat

– Ein god ein, ler ho.

– Og så vil eg vere ein som er samlande for studentrørsla. Det trur eg er kjempeviktig. Studentane utgjer nesten 5 prosent av befolkninga, og det er jo ein utruleg styrke om ein klarar å nytte ho riktig. Det vil eg jobbe for.

Aas studerer ved Høyskolen Kristiania, og er med det den fyrste leiaren i NSO som representerer ein privat høgskule. Ho trur det gir ho eit breitt perspektiv som leiar.

– Eg har studert på UiO tidlegare, før eg begynte på Kristiana. Å ha vore innom både privatskule og offentleg universitet, trur eg kan gjere det enklare å vere samlande.

Lova å ikkje ta på seg verv

Aas har aldri vore typen til å ha store førebilete.

– Men mamma, pappa og systera mi er mine førebilete. Eg er veldig familiekjær.

Engasjementet hennar begynte på jussen på UiO. Der tok ho på seg mange verv.

– Eg trur òg det var då eg forstod at jussen ikkje var noko for meg, for eg var meir engasjert i verva enn eg var i studiet.

Då ho begynte på Høgskulen Kristiania, lova ho seg sjølv og faren at ho ikkje skulle ta på seg fleire verv, og berre vere student.

– Men så balla det på seg, rett og slett. Eg blei klassetillitsvald og fakultetstillitsvald, og så landstillitsvald på Kristiania. Og no er eg leiar.

Elskar å prate

Aas er ikkje heilt sikker på kva som er den største tidstjuven i kvardagen.

– Eg veit ikkje om eg vil kalle det ein tidstjuv, men eg er veldig glad i å prate, så det går mykje tid til å prate med folk i gangane når eg er på veg til kontoret.

Då snakkar ho med folk som kan mykje.

– Det er det eg lærer mest av. Det likar eg godt med NSO også; Eg har aldri lært så mykje som etter at eg kom inn her.

Aas beskriv seg sjølv som typen til å vere interessert i alt, og går litt frå hobby til hobby.

– Akkurat no har eg fått tilbake lesegleda, ho har eg sakna. Nett no les eg The Beautiful and the Damned, av F. Sott Fitzgerald, så eg jobbar meg igjennom klassikarane.

Drøymer om 1.5 G

Aas si personlege hjartesak er kunstig intelligens.

– Det trur eg blir viktigare og viktigare framover, og til no synest eg debatten er altfor snever. No handlar det stort sett om eksamensform og fusk. Eg vil heller diskutere korleis kunstig intelligens kan minske forskjellar.

– KI kan gjere høgare utdanning tilgjengeleg for dei som ikkje hadde meistra høgare utdanning åleine, men får det til med litt ekstra hjelp, meiner ho.

– Om du vakna i morgon til di draumenyheit, kva ville overskrifta vore?

– At studentane har fått 1,5 G (1,5 gonger grunnbeløpet i folketrygda, som vil gi meir studielån, red.anm.). Då trur eg at eg måtte samla studentrørsla og laga ei svær feiring.

Boka som endra synet på KI

– Kva person – levande eller daud – ville du invitert på middag?

Bokomslag: HarperVoyager

– Eg likar eit stort middagsselskap, så då ville eg valt Hemingway, for han levde eit ufatteleg spennande liv som eg gjerne skulle høyrt meir om.

– Og så ville eg nok valt Zohran Mamdani. Det hadde vore veldig kult å høyre litt om hans reise, som har fått til å mobilisere veldig. Og så trur eg at eg ville hatt med Jonas og Jens, så eg kunne lagt inn eit godt ord. Og kanskje Mímir Kristjánsson.

To bøker alle bør lese, meiner ho er The Picture of Dorian Gray av Oscar Wilde og I, Robot av Isaac Asimov.

Omslag: Penguin Random House

I, Robot endra synet mitt på KI. Før var eg meir skeptisk, og såg på det som noko veldig framand. No har eg begynt å sjå på det meir som eit verktøy, seier ho.

Aas har ikkje eit definitivt serietips, men seier ho nett har begynt å sjå The Crown.

– Eg har ikkje kome så langt, så eg veit ikkje heilt om han er bra, men eg har høyrt mykje godt.

– Kva låt får deg alltid i godt humør?

– Money for nothing, av Dire Straits.