2025 vart eit rekordår for studentbustader

12 425 studentar stod framleis i bustadkø ved semesterstarten i august. Likevel vart 2025 eit rekordår for bygging av nye studentbustader.

NPK-NTB
Publisert

I løpet av 2025 vart det bygd 2366 nye hybeleiningar, opplyser Husbanken og regjeringa i ei felles pressemelding. Det er nesten ei firedobling frå dei 662 som stod nye året før.

Ved utgangen av fjoråret var det over 5000 studentbustader under etablering. 3891 bustader er no er under arbeid, medan 1410 er i ferd med å bli sett i gang.

– Det er nødvendig å prioritera bustadbygginga også framover, særleg i dei store byane, der behovet er stort. Eg har tett og god dialog med kommunal- og distriktsministeren, Husbanken og samskipnadene for å sjå på korleis vi også framover kan få til å byggja det talet bustader vi har ambisjonar om, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).

Husbanken står for finansieringa av nesten alle studentbustadene i landet, og i fjor gav dei tilskot på totalt 1,9 milliardar kroner til etablering av nær 3500 hybeleiningar.

– Når fleire studentar får tilgang til rimelege og gode studentbustader, gir det dessutan ringverknader langt utover studentane sjølve. Det bidreg til betre balanse i leigemarknaden, reduserer presset på private utleigebustader og gjer det enklare for fleire å etablera seg på bustadmarknaden, seier Husbank-sjef Jan Hjelle.

Samskipnadsrådet opplyste i midten av august at 12 425 personar framleis stod i kø for å få studentbustad ved studiestart. Dette var ein nedgang på 170 studentar frå året før.