Vekas viktigaste: Trump lagar eige fredsråd og er «besett» av Grønland
Kollasj av Framtida.no. | Foto: AP Photo/Javier Torres, AP Photo/Evan Vucci og AP Photo/Manu Fernandez
Den amerikanske presidenten held fram med å skape overskrifter også denne veka. Samstundes har andre delar av verda blitt råka av katastrofar og ulukker. Les deg opp på nokre av vekas viktigaste nyheiter!
USAs president Donald Trump inviterte om lag 60 land til å sitje i eit nytt fredsråd. Trump skal sjølv leie rådet.
19 statsleiarar signerte torsdag stiftingsdokumentet. Blant landa som har takka ja til å vere med i rådet, finn vi Dei sameinte arabiske emirata, Saudi-Arabia, Tyrkia, Egypt, Israel, Indonesia og Qatar. Ingen leiarar frå Vest-Europa møtte opp. Noreg, Sverige og Frankrike er blant landa som har takka nei. Trump truga med å innføre 200 prosent toll på fransk vin og champagne, men har seinare trekt seg på det.
Ifølgje nyheitsbyrået AFP, står det i stiftingsdokumentet at Trump som privatperson er den einaste som har vetorett i rådet, og han kan sjølv bestemme kor lenge han vil sitje som leiar. Medlemmane kan i utgangspunktet vere med i rådet i maks tre år, men dei kan kjøpe seg ein permanent plass for rundt 10 milliardar norske kroner.
President Donald Trump lanserer sitt «Board of Peace» i Davos. | Foto: AP Photo/Evan Vucci
Trump droppar straffetoll for Nato-land
Under Verdas økonomiske forum i Davos heldt Trump ein tale der han brukte mykje tid på å snakke om Grønland.
Statsminister Jonas Gahr Støre uttala etterpå at Trump nærmast er besett av Grønland, ifølgje NRK
Trumps sa likevel at USA ikkje vil bruk bruke makt for å ta Grønland.
Den amerikanske presidenten truga med 10 prosent straffetoll mot Noreg og andre Nato-allierte som har motsett seg at USA skal ta over Grønland. Trump ville legge straffetollen på Nato-landa som hadde sendt soldatar til Grønland. Noreg sende to offiserar for å planlegge Nato-øvingar som var avklart med Nato og som USA kjente til, forklarar Støre.
Etter ein samtale mellom Trump og Natos generalsekretær Mark Rutte, skal straffetollen ha blitt avlyst. Dei skal ha blitt samde om ein framtidig Grønland-avtale, noko Danmark og Grønland understrekar at ikkje kan bli til utan at dei er med i samtalane.
President Donald Trump møter Natos generalsekretær Mark Rutte (til venstre) i Davos. | Foto: AP Photo/Evan Vucci
Fleire store togulukker i Spania
Den siste veka har to store togulukker prega Spania. Søndag skjedde ei ulukke ved Adamuz i Andalucía-regionen sør i Spania. Ifølgje nyheitsbyrået AFP er det funne 45 døde etter ulukka og over 120 vart skadde. Årsaka til ulukka er ukjent.
Det blei erklært landesorg i tre dagar som følgje av ulukka, skriv VG.
Tysdag kveld skjedde det ei ny togulukke, då ein støttemur fall ned på jernbanesporet i nærleiken av Barcelona. Éin person er død og 37 skadde, ifølgje styresmaktene. Fem av dei skal vere alvorleg skadde. Det spanske jernbaneselskapet Adif meiner muren truleg kollapsa på grunn av kraftig nedbør den siste veka, skriv ABC News.
Styresmaktene etterforskar årsakene til begge ulukkene.
Spania vart råka av to alvorlege togulukker på ei veke. Her frå ulukka i Adamuz sør i landet. | Foto: AP Photo/Manu Fernandez, File
Skogbrannane har øydelagt fleire bustadområde i landet, og tvinga over 50 000 til å evakuere, skriv nyheitsbyrået. President Gabriel Boric har erklært unntakstilstand.
Vind, tørke og ei pågåande hetebølgje har bidratt til brannane. Delar av Argentina opplever den verste tørken på over 60 år. Ifølgje NRK mistenkjer lokale styresmakter òg at ein av brannane er påtend, og landets visepresident har tatt til orde for strengare straffer for slike lovbrot.
Skogbrann i nærleiken av Concepcion i Chile. | Foto: AP Photo/Javier Torres
Sør-Koreas tidlegare statsminister dømt til fengsel
Sør-Koreas tidlegare statsminister Han Duck-soo blei onsdag dømt til 23 års fengsel, melder NTB.
Han er dømt for å ha spelt ei nøkkelrolle då president Yoon Suk-yeol oppløyste nasjonalforsamlinga og innførte unntakstilstand i desember 2024. Opposisjonen meiner at presidenten forsøkte å kuppe til seg meir makt.
Yoon blei førre veke dømt til fem år fengsel for å ha hindra politiet, og det er venta fleire dommar mot ekspresidenten, som risikerer dødsstraff, skriv nyheitsbyrået.
Tidlegare statsminister i Sør-Korea Han Duck-soo (til venstre) på veg til retten i Seoul. | Foto: Chung Sung-Jun/Pool Photo via AP
Rekordmange norske Oscar-nominasjonar
Framlegginga av årets Oscar-nominasjonar vart ein fest for norsk film. Både Affeksjonsverdi og Den stygge stesøsteren kan smykke seg med å ha blitt nominerte til verdas mest prestisjetunge prisutdeling.
Joachim Triers Affeksjonsverdi fekk heile ni nominasjonar, som er ny norsk rekord. Det er første gong i historia at ein norsk film blir nominert til beste film. Filmen er nominert i kategoriane:
Beste film
Beste internasjonale film
Beste klipp
Beste regi
Beste originalmanus
Beste kvinnelege skodespelar (Renate Reinsve)
Beste mannlege birolle (Stellan Skarsgård)
Beste kvinnelege birolle (Inga Ibsdotter Lilleaas og Elle Fanning)
I tillegg er Den stygge stesøsteren nominert i kategorien beste sminke og hårstyling.
Oscar-utdelinga, eller Academy Awards, går av stabelen 16. mars.
Dei Oscar-nominerte under Oscar nominasjonsvaken hos Norsk filminstitutt. | Foto: Terje Bendiksby / NTB
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.