Kritisk journalist (26) dømt til 12 års fengsel på Filippinane

Frenchie Mae Cumpio (26) har sete nesten seks år i fengsel i påvente av rettssaka, som forsvararane hennar kallar fabrikkert.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Den filippinske journalisten Frenchie Mae Cumpio var berre 21 år gamal då ho i februar 2020 vart pågripen av politiet, mistenkt for terrorisme.

På det tidspunktet jobba den unge journalisten som radiovert for kanalen Aksyon Radyo-Tacloban DYVL og leia ei lokal nyheitsnettside kalla Eastern Vista.

Kritisk journalistikk mot militæret

Ifølgje The Guardian opplevde Cumpio fleire ubehagelege hendingar etter å ha publisert saker om fattige bønder som vart trakassert av militære i regionen ho dekte.

– Frenchie fann ut at militariseringa auka i intensitet, små bondesamfunn vart terrorisert og tvinga til å forlata landsbyane sine, seier kollega og ven Neil Eco til The Guardian.

Han meiner saker som retta kritikk mot styresmaktene er årsaka til at Cumpio vart fengsla.

Før ho vart fengsla, opplevde Cumpio at ein framand mann kom til arbeidsplassen hennar og spurde etter ho med blomar som gav assosiasjonar til ei gravferdshelsing, noko ho tolka som ein trugsel.

Cumpio og menneskerettsaktivist Alexander Abinguna skal ha fått tips om at dei kunne verta utpeikt av politiet og kontakta ein menneskerettsorganisasjon for å få verifisert at dei ikkje hadde noko ulovleg. Organisasjonen rakk aldri å undersøka saka nærare.

Den neste natta kom politiet og ransaka leilegheita der dei tiltalte budde. Etter 15 minutt kom dei ut att med ein handgranat, skytevåpen og eit kommunistflagg, som dei hevda Cumpio hadde i senga si.

Dømt for terrorfinansiering

Frenchie Mae Cumpio (26) risikerte heile 40 års fengsel for sikta for ulovleg oppbevaring av våpen og eksplosiv.

Journalisten vart frikjent for skuldingane om oppbevaring av våpen, men dømt for finansiering av terror, ein dom som gjev minst 12 års fengselsstraff, melder The Independent.

Romkameraten hennar Marielle Domequil fekk same straff, medan rettssakene mot tre andre som er ein del av dei tiltalte enno ikkje er ferdige.

Ein av advokatane til Cumpio, Atty Josa Deinla, er uroleg for konsekvensane dommen kan ha for det ho kallar liknande «fabrikkerte» tiltalar som vert prøvd for retten over heile landet.

– Denne avgjerda ber med seg smertefulle konsekvensar for lokaljournalistikken, uttala advokaten til BBC.

Farleg for journalistar

Ifølgje Reporters Without Borders er Filippinane eit av verdas farlegaste land for journalistar. Ifølgje organisasjonen er 147 journalistar drepne i landet i perioden 1989-februar 2005.

Tidlegare president Rodrigo Duterte, signerte i 2020 ei såkalla antiterrorlov, som tillèt styresmaktene å arrestera personar i lengre tid utan tiltale, noko som har vorte brukt mot meiningsmotstandarar. Politiet i landet er òg skulda for å planta bevis i krigen mot narkotika, der Duterte brukte harde maktmiddel.

I fjor vart det lyst ut ein internasjonal arrestordre mot Duterte, som er sikta for brotsverk mot menneskeslekta på bakgrunn av mord og mordforsøk i samband med hans harde kamp mot narkotikakriminalitet.

Beh Lih Yi, direktør for Asia-Stillehavet i Committee to Protect Journalists meiner dommen mot Cumpio underbyggjer kor langt filippinske myndigheiter er villige til å gå for å stilna kritisk journalistikk.

– Denne absurde dommen viser at dei mange løfta frå president Ferdinand Marcos Jr om å sikra pressefridom ikkje er meir enn tomt snakk, seier han, ifølgje The Independent.

Kunstnaren Leeroy New deltok på ein av protestane mot antiterrorlova i juni i fjor, i den filippinske hovudstaden Manila. Foto: AP Photo/Aaron Favila