I 20-åra hadde komikaren knapt nok pengar til ketchup på pastaen sin.
– Eg tenkte mest på om eg hadde nok jobb kvar månad slik at eg kunne betale leia.
Det skriv Henrik Overaa Bjørnson (35) på e-post til Framtida.no. Komikaren har vore å sjå på scena på Latter, programleiar på Radio Rock, og er i desse dagar aktuell som deltakar som skal endra livsstil i 16 ukers helvete.
Året han vart 20, i 2010, var han elev på Romerike Folkehøgskole før han flytta til Oslo for å starte komikarkarrieren si.
– Eg fann han eg skulle bu i kollektiv med på folkehøgskulen. Han kjøpte leilegheit i Oslo, og på det andre rommet var det plass til meg. Der budde eg i 5 år og hadde knapt råd til ketsjup på pastaen.
Jägershot på Dolly
Komikaren frå Ålesund hugsar godt livet på folkehøgskulen, inkludert den faktiske 20-årsdagen.
– Eg feira sjølve dagen med å kjøpe min første Jägermeister på Dolly Dimples. Ja, det var ikkje det store utelivet på Jessheim, men vi studentane fekk litt avslag på ølen på Dolly, så då vart det slik.
Han var ikkje særleg merksam på det som skjedde rundt om i verda.
– Dette året som ein brukar på folkehøgskule har ein tendens til å berre handle om den vesle staden du er på, medgjev han.
Den viktigaste personen i livet hans på denne tida var han sjølv, og Bjørnson var mest fokusert på å søke seg inn på Teaterhøgskolen, finne karrierevegar og bli kjent med nye folk.
I 2010 var Broen den store TV-serien som dominerte skjermen.
– Beste svensk/danske krimmen som er laga, meiner komikaren.
Ville klare seg i storbyen
Bjørnson har eit godt minne frå då han flytta til hovudstaden.
– Faren min køyrde meg, ei sliten IKEA-seng og to koffertar med klede til Oslo. Eg håpar eg kan køyre sonen min ein gong eit slikt strekke. Det var ein fin tur.
Nøyaktig kva han skulle bli var ikkje klart. Den største frykta var å måtte flytte heim fordi han ikkje klarte seg i Oslo.
Kjøp pokémonkort
– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?
– Eg ville tenkt at han må slappe av og bruke tida på å finne både stilen og greia si. Inga hast. Men ein hastar vel litt i den alderen, ting går liksom ikkje fort nok.
Om han skulle gitt eit konkret råd til 20-åringen, blir det noko litt anna:
– Kjøp pokémonkort. Då kunne eg jo tydelegvis kjøpt ein penthouse på Sørenga i dag.








