Raud Ungdom vil ta meir avstand frå USA: – Legitimerer folkerettsbrot
– Raud Ungdom spring Putins ærend, seier 2. nestleiar i Unge Høgre om reaksjonen til ungdomspartiet etter at USA gjekk inn i Venezuela.
– Det viktigaste akkurat no er å fordømme åtaket, og det har ikkje norsk regjering klart å gjere, som er veldig skuffande.
Det seier Halvor Bergkvist (22), leiar i Raud Ungdom (RU), på telefon til Framtida.no. Han meiner Noreg må gå sterkare ut mot USA etter at dei 3. januar gjekk inn i Venezuela og bortførte president Nicolás Maduro og kona hans.
Han meiner også vi må slutte å eksportere våpen til landet.
– USA er eit land i krig no, og det er eit brot på norsk lov å selje våpen til land i krig. Det er noko av det viktigaste ein kan gjere no.
Den amerikanske utanriksministeren Marco Rubio uttalte søndag at USA ikkje er i krig med Venezuela, men med narkosmuglarorgansiasjonar.
Brot på folkeretten
Nicolai Østeby (23), 2. nestleiar i Unge Høgre (UH), er ikkje einig med Bergkvist.
– Maduros regime var og er framleis eit brutalt og autoritært regime som manglar legitimitet etter å ha nekta å innrømme valtapet i 2024, skriv han på e-post til Framtida.
Han peikar på at regimet i Venezuela er ansvarleg for systematiske brot på menneskerettar og omfattande undertrykking av dei som bur der.
– Vi feller ingen tårer over at Maduro mista makta, men overgangen til eit reelt demokratisk styre i Venezuela må sjølvsagt eigast av venezuelanarane sjølv, og vere i tråd med folkeretten.
Det er nettopp folkeretten USA har brote, meiner Bergkvist i RU.
– Eg er heilt einig i kritikken av Maduro, og vi har ingen kjærleik for han, men folkeretten er ikkje slik at du kan velje og vrake når du har lyst til å følgje han og ikkje, og det er ein grunn til at han er der. Land skal ikkje blande seg inn i korleis andre land styrast.
Bergkvist er redd USA no opnar døra for at eit land kan invadere eit anna land dersom ein seier statsleiaren er ein diktator.
– Russland har jo også påstått at dei skal stoppe eit diktatur i Ukraina. Det at ein berre kan seie at ein er ueinig med eit regime, og difor kan ein invadere det, det synest eg blir veldig tynt.
Meir sjølvstende frå USA
Bergkvist meiner USA sine handlingar også er eit argument for å melde Noreg ut av Nato.
– Det å vere så avhengige av USA som vi er no, når dei konstant driv og provoserer andre land, når dei hisser til krig, skaper mange farlege spørsmål for oss, og gjer også at vi er med på å legitimere USA sine folkerettsbrot rundt omkring i verda.
Ei Nato-utmelding er derimot Østeby heilt usamd med, og han minner om at alliansen også inkluderer Sverige, Danmark og Finland.
– At Raud Ungdom spring Putins ærend og meiner Noreg skal stå åleine utan allierte i den mest alvorlege tryggingspolitiske situasjonen sidan andre verdskrig, får nesten stå for deira rekning. Det ville vore katastrofalt for tryggleiken til deg og meg.
Han er derimot med på at Noreg bør vere meir uavhengig, sjølv om han understrekar at USA framleis er Noreg sin viktigaste og næraste allierte.
– Vi må ta amerikanarane på ordet når dei seier dei vil prioritere annleis framover. Det viktigaste Noreg kan gjere er å bidra til at Europa kan ta ansvar for eigen tryggleik gjennom ei kraftig opprusting av vårt eige forsvar, og samarbeide tettare med våre allierte i Norden og Europa.
Kritisk til fredsprisvinnar
Bergkvist meiner det ikkje er ei overrasking at USA gjekk inn i Venezuela. Han seier at venstresida åtvara om at fredsprisen til Maria Corina machado var eit grønt lys for Trump til å invadere Venezuela.
– Vi vart avfeia på det, og så vart Venezuela invadert av Trump ein månad seinare
I eit innlegg i Nettavisen omtalte Sofie Marhaug, 2. nestleiar i Raudt, nobelkomiteen som naive klovnar i beste fall, og i verste fall som kalkulerte Trump-støttespelarar på grunn av tildelinga. Det reagerte Nicolai Østeby kraftig på i eit motinnlegg, og han meiner framleis prisen til Machado står seg.
– Sjølv venezuelanarar som er ueinige med ho politisk, feira prisen, fordi dei veit at kampen for demokrati er avgjerande og tverrpolitisk. Av alle parti bør Raud Ungdom, som i årevis støtta og unnskylda dei undertrykkjande regima til Chavez og Maduro, stå fremst i køen for å heie fram nettopp demokratirørsla i Venezuela, seier han til Framtida.
Bekymra for konflikt
Maria Corina Machado har ikkje teke over som president i Venezuela, sjølv om ho har vore leiaren av opposisjonen i landet. Det er Maduro si regjering som framleis styrer, og visepresident Delcy Rodríguez har teke over som president, med velsigning frå Trump.
Akkurat no er Raud Ungdom-leiaren mest bekymra for kva som vil skje for innbyggjarane i Venezuela.
– Eg trur ein risikerer å få ein langvarig konflikt som kostar veldig mange liv.








