Verneplikta kan bli utvida

Forsvaret vurderer endringar i vernepliktslova for å få tilgang på fleire soldatar. Det kan bety lengre tenestetid.

Einar Nygaard
Publisert

I dag kan norske borgarar mellom 19 og 44 år påleggjast inntil 19 månaders teneste, men fleire forsvarsgreiner ønskjer å utvide rammene.

 

Forsvarssjef Eirik Kristoffersen har fått i oppdrag å gå gjennom vernepliktsordninga, stadfestar forsvarsminister Tore O. Sandvik (Ap) overfor VG.

– Det trengst ein gjennomgang av det systemet. Det er forsvarssjefen i gang med, og det er klokt. Vi må sjå på korleis vi utdannar folk i førstegongstenesta og til reservistar, seier Sandvik til VG.

I dag gjennomfører rundt 15 prosent av kvart årskull førstegongsteneste og dei fleste er inne i 12 eller 15 månader. Ifølgje Stortingets langtidsplan skal andelen aukast til 25 prosent. Behovet for endringar er størst i Hæren:

– Vi må sjå på både å utvide kven som kan brukast, og kor lenge dei kan tenestegjere. Men ingenting er førebels bestemt, seier hærsjef Lars Lervik.

Ifølgje langtidsplanen skal Hæren auke andelen reservistar frå 20 til 50 prosent. Også Heimevernet skal vekse.

– Vi lever lengre og er friskare enn før. Ser vi 20–30 år fram i tid, er det naturleg å vurdere aldersgrensene, seier Lervik.