Noreg i VM-sluttspelet – dette må du vite om trekninga
For første gong på 26 år er Noreg med i trekninga av eit EM- eller VM-sluttspel i fotball for menn. Kryss av fredag 5. desember i kalenderen.
Under VM-trekninga i Kennedy Center i Washington D.C., med start 17.00 norsk tid, får Ståle Solbakken og mennene hans vite iallfall to av motstandarane sine. Då blir det også kjent kvar og når Noreg skal spele gruppekampane sine.
Solbakken kjem sjølv til å vere til stades.
– Eg har ikkje lyst. Det er Brede (Hangeland) som har vore på alle trekningane, men det er vel eit krav. Eg er ikkje den som går rundt og helsar og smalltalker. Det er eg ikkje noko god til, sa Solbakken søndag kveld.
– Og spør meg ikkje om seedinga. Det har eg ikkje sett meg inn i.
Kva er seeding?
Seeding er måten ein bestemmer kva lag som skal spele mot kvarandre i ei turnering.
I fotball-VM tek dei omsyn til både geografi og kor gode laga er.
Det er 11 vertsbyar i USA, tre i Mexico og to i Canada. Meisterskapen varer frå 11. juni til 19. juli neste år. Gruppespelet blir avslutta 27. juni.
I gruppe C og J blir alle kampar spelte i USA. I dei ti andre gruppene blir det spelt i to av dei tre vertslanda.
Seks ukjende lag
42 av dei 48 deltakarlanda vil vere klare når trekninga blir gjennomført. Dei seks siste blir ikkje kjende før det europeiske og det interkontinentale omspelet blir avgjort i mars, men trekninga for dei omspela blir gjort førstkommande torsdag, og kvart sluttspelstre blir trekt inn i ei gruppe i VM-sluttspelet.
Fifa-rankinga for november blir allereie onsdag offentleggjord og blir brukt til seeding i omspelstrekninga. Den blir også lagd til grunn for seeding i sjølve VM-trekninga.
Toppseeda blir dei ni høgast rangerte kvalifiserte laga, og dessutan dei tre vertsnasjonane USA, Mexico og Canada. Mexico er allereie plassert i gruppe A, Canada i B og USA i D.
Deretter blir dei kvalifiserte nasjonane seeda etter posisjon på Fifa-rankinga, men laga som skal ut i omspel i mars hamnar alle i nedste seedinggruppe. Omspelsvinnarar kan dermed bli ei mine i VM-trekninga, til dømes topp-ti-nasjonen Italia.
Spenning
Noreg ligg an til å bli seeda på nivå tre, men er blant dei høgast rangerte på det seedingnivået. Skulle til dømes Skottland ta VM-plass på kostnad av Danmark og Bosnia på kostnad av Austerrike, eller Slovakia på kostnad av Tyskland, kan Noreg rykkje opp til nivå to.
Det er fleire spenningsmoment inntil dei siste direktekvalifiserte laga er klare tysdag kveld, og Fifa-rankinga publisert dagen etter.
Fire av dei tolv gruppene kjem til å innehalde to europeiske lag, elles blir lag frå same kontinentale forbund halde frå kvarandre i gruppespelet.
Akkurat no ligg det an til å bli sju europeiske lag på øvste seedingnivå. For Noreg stig dermed sjansen for å møte ein av vertsnasjonane, som vil vere dei tre lågast rangerte laga på det nivået.
Regiontilhøyrselen reduserer også moglegheita for å møte dei europeiske laga på nivå to, noko som også teiknar til å vere ein fordel. Skulle Noreg sjølv klatre til nivå to, vil det vere ein endå større fordel.








