Nordmenn viser rekordhøg støtte til olje- og gassleiting
Trass i klimautfordringane i verda er nordmenn rekordpositive til å halde fram med olje og gass.
62 prosent meiner at vi skal halde fram med å leite etter olje, i same grad som i dag, skriv TV 2.
På ti år har andelen som er positive til olje auka med 25 prosentpoeng, ifølgje årets Klimabarometer.
Samtidig åtvarar FN om at klimaendringane går raskare enn venta, og at verda er på veg mot ei oppvarming på rundt 2,5- 3 grader, om ikkje utsleppa blir kraftig reduserte.
Éin av fire meiner framleis at klimaendringane er blant våre største utfordringar. Menn er mest positive til olje, medan kvinner er mest bekymra for konsekvensane av klimaendringar.
Halvparten av dei spurde er bekymra for kva konsekvensar klimaendringane kan ha for seg og sine.
Også halvparten av dei spurde meiner at styresmaktene gjer for lite, men berre åtte prosent meiner at klima og miljø bør prioriterast i statsbudsjettet.
Klimabarometeret 2025 er utvikla og er eigd av Kantar, og vart gjennomført første gong i 2009. Det er 2069 personar som har svart på undersøkinga.






