Kvifor driv ikkje fleire kriminelle med pilates? spør mor til Finn, i denne humoristiske ungdomsromanen.

Herman August Søberg
Publisert

Himmelveien.

Du kan vel kalle det vestkantens vestkant.

Og nei, Himmelveien er ikkje berre eit tullenamn, for i Himmelveien set ikkje eingong himmelen grenser. Iallfall ikkje for dei som bur i denne vegen, og er på godtonen med alle i denne vegen, og har ein slipshaldar som kan halde hundrevis av slips på same tid i denne vegen.

Forfattar: Ida Tufte Michelsen

Forlag: Aschehaug

Utgjeve: September 2025

Sider: 213

Sjanger: Barnebok

 

Ida Tufte Michelsen har fullført tetrilogien sin om Alma Freng, og skriv no om Finn i si nyaste bok Finn fem feil. Bøkene om Alma Freng fekk stor applaus og blei lansert internasjonalt; Finn fem feil opprettheld hennar høge standarar!

I komedien følgjer me Finn som må utforske ein mørk løyndom som faren hans har heldt skjult altfor lenge. Og no er det altfor seint. Finn er den einaste som kan redde familien sin frå katastrofe, men metodane han må ty til er relativt umoralske.

Du må ikkje tru at det er gratis å vere rik.

Austlege tilstandar

Det eg liker aller best med denne boka, er korleis ho tek opp eit skikkeleg relevant og interessant tema innanfor trygge og komiske rammer. Det handlar i botn og grunn om forskjellen mellom fattig og rik, og kva pengar eigentleg gjer med oss. Korleis pengar øydelegg verda og gjer alt urettferdig. Korleis pengar øydelegg oss og gjer oss urettferdige.

«En hel familie kunne bodd i den vasen dere har på kjøkkenet»

Eg elskar kor absurd mykje familien til Finn eig, og korleis mengda blir sett på som normal for nokre, og svært unormal for andre. Kanskje til og med frustrerande.

Det set ting i perspektiv, og når Finn må løyse familieproblema, må han også oppleve denne frustrasjonen. Både mot andre, men også mot seg sjølv.

Nydeleg komedie

Dette er ei skikkeleg morosam bok. Det er ei sånn bok som får fram den trillande latteren.

Sjølv med ein reell tematikk, er det skrive så morosamt og gøy at ein berre vil lese og lese.

Dette er ikkje Sult av Knut Hamsun – dette er seriøsitet gøymt i Michelsen sin humoristiske skrivestil og karakterdesigna hennar.

Eg likar spesielt godt humoren til mora til Finn.

«Hvorfor ikke flere kriminelle driver med pilates, er en gåte for meg.»

Dette er heilt perfekt for dei som har lyst til å byrje å lese, men ikkje ønsker å gå rett på klassikarane.

Levande

Kontrasten mellom fattig og rik er veldig stor, så når Finn tyr til det umoralske, blir auga hans sperra opp kan ein vel seie.

Michelsen har skrive ei vakker karakterutvikling til Finn. Korleis han ser på verda og pengar, og seg sjølv, ikkje minst! Det er som om det grufulle som skjer med han, speglar grusomheita han ser i andre; berre at det no er han som blir grufull!

Eg likar spesielt korleis fortida hans blir tatt opp for å forklare kvifor ting har blitt som dei har blitt. Og me får eit innblikk i korleis han reflekterer rundt det som skjer og har skjedd.

«Fattig, kalte de meg da jeg kom hit, og så lo de. Og da jeg satt i kjelleren min med alle gutta og drakk dyr brus, endelig innafor, endelig rik nok, var det jeg som kalte Snorre fattig og lo. [ …] Når ble jeg slem?»

Det gjer han dynamisk og interessant, altså gøyare å lese om!

Djupare meining

Når alt kjem til alt, pengar, ikkje pengar, Himmelveien, ikkje Himmelveien, er det til slutt tid for å tenke over dei viktige spørsmåla ved livet. Eg vil absolutt anbefale deg å lese denne boka viss du ønsker deg ein god latter. Kanskje oppdagar du ei djupare meining bak det heile?

For kvifor blir eigentleg nokon kriminell? Kvifor skal nokon berre eige og eige og eige? Kvifor forsvinn mennesklegheita vår når alt me ser er verdi i tal?

Kvifor driv ikkje fleire kriminelle med pilates?