Anna (17): – Då eg var rundt 14 år vart eg tatt med til ein stad der dei lemlestar jenter

Anna Isaya Salima og Robi Judith Mwita har begge vorte forsøkt kjønnslemlesta. No står dei opp for seg sjølv og dei rundt seg.

Einar Nygaard
Publisert
Oppdatert 11.08.2025 10:08

– Vi har kome for å møte andre ungdom, bli kjent med dei, og lære av kvarandre, seier Robi Judith Mwita (17) frå Kenya.

Ho er i Noreg for fyrste gong, saman med Anna Isaya Salima (17) frå Tanzania. Dei representerer to av grasrotorganisasjonane som får støtte av årets Operasjon Dagsverk, og har kome til Noreg for å utveksle kunnskap og erfaringar, og få nye vener.

Når Framtida.no snakkar med dei, skal dei snart av garde på OD sin sommarleir.

– Det gler vi oss til. Vi veit at vi kjem til å få mange vener og lære mykje, seier Mwita.

– Det handlar om fellesskap. Vi skal kome saman og finne løysingar saman. Og så kan vi nytte den kunnskapen når vi drar tilbake, seier Salima.

Salima representer organisasjonen Kivulini. Dei jobbar for å få ein slutt på barneekteskap, vald mot kvinner og barn, og kvinneleg kjønnslemlesting.

Mwita representerer organisasjonen Micontrap. Også dei jobbar for jenters og kvinners rettar.

– Vi må gje dei makta til å seie nei, og til å stå opp for rettane deira, seier Mwita.

Robi Judith Mwita kjem frå Migoriregionen i Kenya. | Foto: Einar Nygaard

Kjempar mot kjønnslemlesting

Årets OD-prosjekt støttar ungdom i Kenya og Tanzania i kampen mot barneekteskap, tenåringsgraviditet og kvinneleg kjønnslemlesting.

Kjønnslemlesting, eller kvinneleg omskjering, inneber at ein skjer bort eller skadar kvinners kjønnsorgan. I både Tanzania og Kenya er kvinneleg kjønnslemlesting ulovleg.

Likevel er det framleis fleire som praktiserer denne farlege skikken. På verdsbasis anslår FN at rundt 230 millionar jenter og kvinner som lever i dag har blitt utsett for kjønnslemlesting.

 

– Dei gjer det for å få meir medgift, men det kan gjere livet deira vanskelegare. Eg vart sjølv tvinga til å dra for å bli omskore i femteklasse. Det ville eg ikkje. Når ein blir omskore, sluttar ein å gå på skulen, og ein blir kanskje tidleg gift, som kan gjere livet vanskelegare, seier Mwita.

Mwita fortel at ho fekk hjelp og støtte av Micontrap til å unngå kjønnslemlestinga.

– Og no har eg det veldig bra, smiler ho.

Salima fortel at også ho har blitt forsøkt omskore.

– Då eg var rundt 14 år vart eg tatt med til ein stad der dei lemlestar jenter. Eg prøvde alt eg kunne for å gjere motstand, men klarte det ikkje. Heldigvis, før dei kunne lemleste oss, kom det politimenn og redda oss. Men frå da av bestemte eg meg for å jobbe for å utdanne jenter, for å få ein slutt på kjønnslemlesting, seier ho.

Nestleiar i OD, Modou Max Stabel, seier ein del av prosjektet til OD er å støtte lokalt politi, og at prosjektet vil hjelpe dei med middel til å prioritere mindre saker som Salima si.

Saka fortset under biletet. 

Anna Isaya Salima kjem frå Mararegionen i Tanzania. | Foto: Einar Nygaard

– Trur vi kan klare det

Salima seier at ho blei valt inn som elevrådsleiar, og leiar for «jenteklubben» på skulen hennar. Ho seier det gjorde at ho kunne hjelpe mange medan ho gjekk på skulen.

– Eg likar å hjelpe jenter, for jenter, særleg i mitt land, dei går igjennom veldig mykje. Nokon forsøker å ta livet sitt. Eg var ei av dei. Men organisasjonen eg er med i, Kivulini, hjelpte meg og gav meg råd og oppmuntring.

– Gjennom dei har eg møtt mange forskjellige menneske, haldt møter, og eg har fått energi. Eg har vorte sterk, og eg har klart å meistre problema mine. No kjempar eg for draumane mine, og draumane til andre jenter, seier Salima.

At dei vil kjempe for ungdommane rundt seg, har dei to jentene til felles. Og begge seier dei trur ting kan bli betre.

– Eg trur OD kan vere med på å gje meg makt, og stå trygt, og hjelpe andre ungdom med å stå trygt, slik at dei kan fokusere på liva deira, og gå på skule og få ei god utdanning. Eg trur eg kan vere ein rollemodell for dei, seier Mwita.

– Ingenting er umogleg. Vi må berre stå saman, og finne løysingar saman. Det kan ikkje gjerast på ein dag, men med tid og innsats trur eg vi kan klare det, avsluttar Salima