43-åringen hugsar ei einsam tid i hovudstaden der ho vart redda av showbusiness.
– Eg har alltid tenkt at eg ikkje skal sitje på gamleheimen og angre på alt eg ikkje gjorde.
Det skriv Lene Alexandra Øien, som fyller 44 neste veke, på e-post til Framtida.no.
I dag er ho personleg trenar, men dei fleste kjenner Øien som glamourmodell og gjennom diverse realityprogram, først i Robinsonekspedisjonen og nyleg i Sistemann ut. Ho hadde også ein minnerik debutsingel med songen My boobs are okay i 2007.
Før alt dette, i 2001, hadde ho nettopp flytta frå Østfold til Oslo.
– Verda gjekk sin gang, men ærleg talt var eg så oppteken av å følgje draumane og måla mine at eg ikkje følgde så mykje med på politikk eller nyheiter. Alt handla om å «klare det». Og tidvis har eg tunnelsyn når eg har sett meg mål.
Verdas beste servitør
– Den tida livnærte eg meg som servitør og budde i bukollektiv med seks gutar. Jobba på Peppes Pizza, TGI Fridays og serverte i selskap med kvit skjorte og stortreivst. Eg fekk god tips og kundar skreiv hyggjelege lappar til meg at om eg var den beste servitøren dei hadde hatt 🙂
Øien hadde allereie vore nakenmodell i magasina Lek, Cocktail og Cats, og var nyflytta til Oslo. Ho følgde ikkje så mykje med på nyheiter, filmar, musikk eller bøker, og var mest oppteken av sine eigne prosjekt.
– Det var først i 2012 eg vart hekta på å lese bøker om sjølvutvikling. Tidleg i tjueåra var eg meir oppteken av å lytte til musikk, studere artistar i Hollywood og sende bilete og presentasjonar av meg sjølv til ulike plateselskap og modellbyrå som kunne hjelpe meg å nå draumen min.
Ei bok nådde likevel gjennom.
– Det vart Pamela Anderson si bok, sidan eg vart «hjernevaska» av Baywatch. Popstjernedraumen var drivkrafta mi, og eg har alltid lært mest av å kontakte dei som kan det eg skal gjere og stille spørsmål til dei, og ha dyktige menneske som førebilete.
Ei einsam tid
Øien hugsar at ho kjende seg veldig åleine, utan så mange nære personar rundt seg.
– Eg trur vel den eg sette mest pris på var Harald på Haralds gym. Han kjendest som ein farsfigur for meg og har i ettertid uttalt at eg var veldig «rotlaus» den tida i livet mitt.
Ho vart også ven med frisøren sin, som ho framleis går til, og som styla ho til Skal vi danse i 2008, som ho til slutt vann.
– Ho er ein fin samtalepartnar.
Kva Øien gjorde på 20-årsdagen sin hugsar ho ikkje. Ho har eit sterkare minne av kjensla av å vere nærare draumen, etter å ha flytta til Oslo.
– At eg jobba for å stå på eigne bein og klare meg sjølv. Det hadde eg drøymt om sidan eg var lita. Samstundes hugsar eg også kor tomt det kunne kjennast, fordi eg ikkje hadde det bra med meg sjølv den tida psykisk.
20-åringen var perfeksjonist og sjølvkritisk. Det gav seg ikkje før ho gjorde det godt i første sesong av Idol, nokre år seinare, der ho kom seg heilt til finalerundane.
– Eg hadde mista litt trua på draumen og meg sjølv ein periode, men det at det gjekk så bra i Idol gjorde at eg fekk meir trua på meg sjølv og hamna tilbake på rett spor. Etter eg hamna i showbiz, kjende eg meir meining i livet mitt og eg såg ei framtid.
Jaga eit mål
Den store draumen var sjølvsagt å bli popstjerne, men Øien var også oppteken av idrett.
– Ein annan draum var å komme på landslaget i handball, sidan eg var lidenskapeleg oppteken av det i barndommen. I staden vart det «benkpress-landslaget» i vaksen alder.
I 2024 vart ho verdsmeister i benkpress, som er eit litt anna verdsmeisterskap enn 20 år gamle Lene Alexandra ville sett for seg.
– Eg er stolt over at eg torde å ta sjansar og følgje intuisjonen, draumane og lidenskapen min.
– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?
– Eg tenkte at eg måtte «opp og fram». Eg jaga alltid neste mål, men hadde lite indre ro. Eg jobba hardt for overleving, fridom og tryggleik og var oppteken av å få maks ut av livet mitt. Realisere meg sjølv.
Redda av showbiz
Som 20-åring frykta Øien framtida.
– Eg hadde ikkje eit sterkt sjølvbilete og sleit med psykiske utfordringar og kjensla av å ikkje vere bra nok.
Ho trudde at draumen om å bli popstjerne var avhengig av å vere perfekt, noko som var veldig slitsamt.
– Eg hadde nok mista meg sjølv litt på grunn av ei utagerande ungdomstid frå eg var 12 til 20. Samtidig redda showbiz meg på eit vis. Draumen heldt meg oppe, og moglegheitene eg fekk gjorde at eg voks og fekk meir tru på meg sjølv.
Den store frykta var å vere som alle andre, sjølv om ho kjente seg annleis heile tida.
Bli kjend med deg sjølv
– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?
– Eg ville sett ei ung jente som prøvde altfor hardt og som ikkje såg potensialet sitt.
Øien hadde ønskt å gi 20-åringen ein klem og seie: «Du er bra nok akkurat som du er. Du klarer det du vil.»
– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?
– Slapp av. Du treng ikkje bevise noko for alle andre. Bruk meir tid på å bli kjend med deg sjølv, sett grenser og bygg helsa di både fysisk og mentalt. Det er det som legg grunnlaget for å prestere og ha det bra på lang sikt. Det viktigaste er at du lever i tråd med dine eigne verdiar og er deg sjølv. Det er då du har best helse og livskvalitet.









