Tidlegare hekkeløpar Christina Vukicevic Demidov trur ho hadde vorte både flau og stolt om ho møtte seg sjølv som 20-åring.

– Eg var toppidrettsutøvar og eg budde i Oslo. Den beste byen i verda etter mi meining. Både då og no.
Det skriv Christina Vukicevic Demidov i ein e-post til Framtida.no.
Trening 24/7
Hekkeløparen frå Drøbak var i 2007 eit kjempetalent som hadde overtydd i ungdomsklassar og kvalifiserte seg til sitt første seniormeisterskap i VM i friidrett i japanske Osaka.
– Eg dreiv med trening stort sett 24/7. Det var liksom ikkje tid til så mykje anna. Hadde på dåverande tidspunkt også ein hund. Så det gjekk mykje i hund for min del. Idretten var jobben min, minnest Vukicevic Demidov.
Etter at ho la konkurranseskoa på hylla i 2016 har ho halde seg i idrettens verd som trenar på Wang Ung i Fredrikstad og seinare friidrettskommentator i NRK.
Ho har òg vore å sjå i andre tv-konsept som Helt Ramme sporter, der ho imponerte stort i issvømming, og quiz-programmet Alle mot alle.
No er ho aktuell som programleiar i kjendiskonkurransen Sistemann ut.
Krim og Paradise Hotel
Framtida.no lurar som vanleg på om ho hugsar kva som skjedde elles i verda det året ho fylte 20.
– Eg var openbert ein egoist på dette tidspunktet, for eg hugsar svært lite. Haha. Men hugsar Fabian Stang var ordførar. Aylar hadde primetimen sin, eg var på Satyricon-konsert, eg hadde Motorola(!!!!)-telefon, svarar 38-åringen.
Som 20-åring var ho krimfrelst, og det gjekk mykje i CSI, Law and order.
– … OG Paradise Hotel. Jada, me har alle vore unge. Veldig unge.
Trenarfar
– Hugsar du 20-årsdagen din?
– Dette er pinleg. Men eg hugsar faktisk ikkje. Lurar på om eg var på ein europacup.
Den viktigaste personen i livet hennar på det tidspunktet var faren, Petar Vukičević, som i si tid representerte dåverande Jugoslavia i hekkeløp, og seinare har trent både Christina og veslebroren Vladimir.
– Han gjorde så mykje med tanke idretten og satsinga mi. Han er framleis vel og merke viktig i livet mitt, understrekar 38-åringen.
Pelskledd minne
– Visste du kva du skulle bli i livet?
– Jada, tenkte eg skulle bli verdsmeister og olympisk meister. Du veit, 20 åra og null sjølvinnsikt. Vart aldri det. Men gøy på vegen var det.
Ho har mange minne frå den tida i livet, men det som kanskje sit aller sterkast, er at eit nytt loddent vesen kom inn i familien.
– Ein nydeleg liten mops som heitte Bobby. Det hugsar eg svært godt. Hundar er ei gåve, svarar ho.
Den største frykta var og er framleis eit anna levande vesen: nemleg edderkoppar. Ho lid av araknofobi.
20-åringens pågangsmot
– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?
– Eg hadde vorte flau og stolt. Ein miks av begge trur eg. Flau over naiviteten til livet kanskje? Men mest stolt av pågangsmotet berre ein 20-åring kan ha.
– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?
– Berre hald fram sånn. Ikkje la noko stoppa deg eller halda deg nede. Og drit i kva andre meiner. Det rådet gir eg barna mine òg, avsluttar ho.