Telemark forbyr russeklede med gruppenamn
Telemark fylkeskommune forbyr russeklede som signaliserer kva russegruppe elevane tilhøyrer.

Forbodet gjeld klede og klistremerke som viser namn på russegrupper i skuletida.
– Fleire elevar kjenner seg stengt ute og ekskluderte i russetida. Bruken av denne typen russeklede blir ei dagleg påminning om at dei ikkje er ein del av fellesskapen. Dette vil vi til livs, seier Stig Kolbjørnsen, hovudutvalsleiar for utdanning, tannhelse og folkehelse i Telemark fylkeskommune, i ei pressemelding.
– Undersøkingar viser at ein av fire unge mellom 16 og 19 år opplever uvisse over om dei får bli med i ei russegruppe. Ein av fem har ofte kjent seg stengt ute av medelevar på grunn av planlegginga av russefeiringa, legg han til.
Dei nye reglane skal innarbeidast i ordensreglementet til skulane. Alle parti utanom Frp stemde for forbodet.
– Vi ønskjer at russefeiringa skal handle mindre om russegrupper og meir om feiring saman med klassen eller heile kullet, seier Kolbjørnsen.