Då Adam Schjølberg var 20 år, var han heilt fri, med storbyen framfor seg.

Åshild Slåen
Publisert

– Livet gjekk ut på mykje stoltheit over å ha fullført utdanning, og meir fest enn eg kanskje burde ha gjort. Men verda, eller i det minste Oslo, låg for føtene mine.

Det skriv Adam Schjølberg i ein e-post til Framtida.no. Han er eit kjent fjes frå både Homsepatruljen, Sofa, og nyleg Sistemann ut.

Dersom vi skrur tida tilbake til 20 år gamle Adam, er året 2002 i Oslo. Det var året han tok sveinebrevet som frisørlæring.

– Eg tenkte det var greitt å ha ei utdanning, men eg gjekk på auditionar og hadde store mål om å bli skodespelar. Noko på ei scene. Eg kom frå amatørteater, og visste at det skulle ende i den retninga. Eg visste berre ikkje heilt kva eller korleis.

Reality tok fart

To ting hugsar han godt frå det året: Märtha Louise gifta seg med Ari Behn, og The Osbournes starta på MTV.

– Som eg syntest var heilt sinnssjukt. At nokon hadde kamerateam heime hjå seg i det daglege. Og at reality-TV vart eit ord. Ante på ingen måte at eg sjølv skulle drive med det berre eit par år inn i framtida.

I 2004 starta nemleg programmet Homsepatruljen på TV3, med Schjølberg som ein av dei fem homofile karane som skulle hjelpe streite fyrer med å bli litt meir stilige.

Før han gjekk inn i realityverda var det andre ting Schjølberg prioriterte.

– Eg var jo endeleg gamal nok til å kome inn på utestader. Og ikkje berre det, eg var ny i storbyen, og kunne endeleg gå på Homoklubb (med legitimasjon😎).

Queer Eye for the Straight Guy debuterte i 2003, og i 2004 kom den norske versjonen. | Foto: TV3

Han utdjupar ikkje om han hadde vore på homoklubb utan skikkeleg legitimasjon før, men kan informere om at livet handla om å vere fri.

– Eg ville stort sett berre ut og danse, vise meg fram og vere stolt. Eg ser tilbake på sjølvtilliten eg hadde den gongen, og blir litt flau. Samstundes skulle eg gjerne hatt litt meir av den «gi faen»-tankegangen no i vaksen alder også.

Unge Adam Schjølberg hadde både pågangsmot og var fryktlaus, sjølv om han i dag er litt flau.

– Det gjekk mykje i listepop og dansemoves eg aldri i livet hadde våga å dra i dag.

Året med sjølvtillit

– Eg hugsar at det var eit år med sjølvtillit. Det var så spennande å føle seg som ein del av eit miljø. Eg var ikkje «the only gay in the village» lenger. Ikkje åleine, og følte at det var så mykje spennande framfor meg. Kanskje til og med kjærleik.

Han hadde eit stort behov for å bli sett og anerkjent.

– Kanskje fordi ein vaks opp i ein litt mindre by der eg nok jobba hardt for å ikkje vere synleg. Av omsyn til eigen tryggleik.

Men så var han fri i storbyen, og kunne endeleg bruse med fjæra og vise fram alle fargane.

– Endeleg var det min tur, og eg skal vise dei!

– Kva var di største frykt?

– Akkurat det året minnest eg ikkje så mykje frykt. Tvert om, sjølvtilliten fekk blomstre. Kanskje nesten i overkant mykje.

Eigde byen

Nøyaktig kva som skjedde på 20-årsdagen er uklart.

– Det vart nok både fest og nachspiel, som eg ikkje hugsar så godt. Men eg hugsar at vi åt ein lunsj med alle venene på Bølgen & Moi, ein restaurant i Oslo, og venninna mi Hanne spanderte eit kakestykke på Pascal.

– Kven var den viktigaste personen i livet ditt?

– Den viktigaste personen i livet mitt på denne tida, var bestevennen min då, som heitte Ronnie. Vi hang saman i tjukt og tynt, og følte at vi eigde byen.

Adam Schjølberg trur han hadde eit behov for å bli sett som 20-åring, og det var også då han byrja å våge å ta plass. | Foto: Corinne A. Skau, TV3

Var litt mykje

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Eg ville nok syntest at eg burde ha stoppa opp for å puste litt. At eg var litt mykje. Samstundes hadde eg nok eit behov for akkurat det. Å synest, våge å ta plass.

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Nyt det, men ikkje mist deg sjølv. Ikkje alle dei du har rundt deg er bra for deg, sjølv om dei trur det sjølv. Du veit inni deg kva som betyr noko.