Kvar tredje avgangselev fekk 6 i kroppsøving
Lærarar blir usikre når dei skal vurdere elevar i kroppsøving, og karakterane blir stadig høgare, ifølgje forskar. Førre skuleår fekk kvar tredje avgangselev seksar.

Utviklinga dei siste åra har vore høgare standpunktkarakterar i dei fleste fellesfag, men den største auken har funne stad i kroppsøving, skriv Utdanningsnytt.
For 15 år sidan fekk 9,2 prosent av avgangselevane i vidaregåande skule toppkarakteren seks. Førre skuleår hadde andelen auka til 34 prosent.
– Dei seier at dei synest det er vanskeleg å vite korleis dei skal vurdere elevane, seier Erlend Ellefsen Vinje, som har intervjua kroppsøvingslærarar i samband med ein forskingsstudie.
Toppkarakteren speglar ikkje at elevane er i betre form enn før, ifølgje lærarane.
– Nei. Dagens læreplan legg ikkje opp til at fysisk form i seg sjølv skal vere grunnlaget for vurdering, og lærarane sjølv peikar på heilt andre ting for å forklare, seier Vinje, som er dosent ved Universitetet i Søraust-Noreg og Oslomet.
Vinje og Øystein Røynesdal frå NLA Høgskolen har leidd ei gruppe som har undersøkt undervisning og samarbeid om læring i kroppsøving.
– Dei fortel at elevane ofte har urealistisk høge forventningar til kva karakterar dei skal oppnå i faget. Og når læreplanen er så utydeleg, ønskjer ikkje lærarane å gå i nokon diskusjon om karaktergrunngivingar. I staden endar mange med «å gi etter for presset», seier han.