Då eg var 20: Ina Svenningdal budde heime, spelte inn «Skam» og kom inn på Teaterhøgskolen
Ina Svenningdal spelte inn SKAM samtidig som ho utdanna seg til draumeyrket.

– Eg kom inn på Teaterhøgskolen ganske nær dagen eg fylte 20 år. Så det var ei veldig spanande tid, minnest Ina Svenningdal (29).
I år er det ti år sidan NRK P3-serien SKAM sette fyr på både Noreg og resten av verda. Dei unge skodespelarane vart superkjendisar over natta, samstundes som dei fleste framleis var tenåringar.
Hausten 2016 var Svenningdal nettopp ferdig med innspelinga av sesong to av serien, og byrja på Teaterhøgskolen. Det vart også ein tredje og fjerde sesong av serien parallelt med studia.
– Så det var ein hektisk kvardag med mykje nytt å forhalda seg til. Men eg var veldig innstilt på kvardagen som teaterhøgskulestudent og følte at eg la hjartet mitt i det, skriv ho i ein e-post til Framtida.no.
Skodespelardraumen
Svenningdal debuterte tidleg som skodespelar. Ho var berre fem år gamal då ho stod på scena i den populære julemusikalen Putti Plutti Pott. Nokre år seinare vart ho kjent for heile Noreg som Åsa i NRK-serien Linus i Svingen.
Som 20-åring var ho fast bestemt på karrierevegen ho ville gå.
– Eg hadde nok ei sterk tru på at eg skulle bli skodespelar, og hadde der og då ingen plan B. Men då fungerte heile verda mi rundt teater, så då var det dét eg skulle bli.
– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?
– Livet og framtida var jo uviss. Det er eit skummelt yrke å gå inn i. Men eg hadde gode menneske og klassekameratar rundt meg, og følte at så lenge eg jobbar hardt og gjer ting eg sjølv har ei kjensle for eller synest er gøy, så skal det gå fint.
29-åringen landa greitt på beina, og kan allereie skilta med to år som fast tilsett ved Det Norske Teatret, der ho har vore sidan 2021. Der har ho spelt i ei rekkje teaterstykke og musikalar, mellom anna Frost og Once.
Denne hausten vert ho òg å sjå som hovudrolla Bastian i klassikaren Den uendelege historia på Det Norske Teatret, og i Kongen befaler på Discovery+.
Ammerud og USA
Men tilbake i 2016 budde Svenningdal framleis heime på Ammerud med mora.
– Mamma var og er min viktigaste person i livet. Ho er den som støttar meg i alt, og som har trudd på meg heile vegen. Som har heia på meg, men som også pusha meg til å måtta jobba for det eg vil oppnå. Og likevel stolt og glad for det eg får til.
Fordi det meste av tida gjekk med på skulen, føltest det som at Teaterhøgskolen var heile verda.
– Men eg hugsar veldig godt at Trump vart president første gong, og det kjendest ut som at heile verda rasa saman. Og eg klarte ikkje plassera tankane mine på korleis verda kom til å sjå ut vidare. Det var veldig veldig rart og skummelt.

Slik såg det ut då Donald Trump vart svoren i eid som president i USA 20. januar 2017. Foto: The White House
Første tur åleine
Svenningdal var ein god teaterstudent og las norske klassikarar som Ibsen og Fosse.
– Men elles lytta eg mykje på Stephen Fry lesa Harry Potter, som framleis, i dag, er min favoritt-ting å høyra på.
– Hugsar du 20-årsdagen din?
– Nei dessverre, den har eg null aning av. Men eg trur eg var midt i siste runde av opptaksprøvene på Teaterhøgskolen, som varer i rundt 2 veker. Så eg trur ikkje eg feira så mykje då.
– Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20 og kvifor?
– No er det nemnt mykje. Men at eg kom inn på Teaterhøgskolen var ei stor bragd og veldig spennande. Men eg var også på ein tidagars ferie til Hellas med ein av mine beste vener, for første gong åleine. Det hugsar eg var veldig veldig gøy.
Lev i noet
– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?
– Eg hadde nok tenkt at ho var på rett veg, men fokuser litt meir på ting som skjer her og no og ikkje tenk på kva som skal skje heile tida.
– Kva var di største frykt?
– Eg var nok veldig redd for å skuffa meg sjølv. At eg ikkje skulle klara å oppfylla mine eigne draumar om å bli skodespelar. Men også å skuffa dei rundt meg som har vore så gode og snille, og som har støtta meg heile vegen.
– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?
– Eg ville tenkt, slapp av. Det kjem til å ordna seg uansett. Det å jaga noko som ikkje er mogleg å jaga, er det ikkje noko vits i. Og heller fokusera, la det som skjer, skje og leva i noet.