Twinkle (21) gler seg til å stemme – det gjer ikkje Alinafe (22)
Førstegongsveljarane synest det er vanskeleg å velje ein påliteleg kandidat i valet i Malawi.

– Eg er så glad for å få stemme for første gong!
Det seier Twinkle Mtonda (21) til Framtida.no frå Lilongwe, hovudstaden i Malawi. Vanlegvis er han business-student ved Livingstonia University, lenger nord i landet, men akkurat no er han heime hjå foreldra.
Sjølv om han er glad for å kunne stemme, trur han det blir eit vanskeleg val for mange
– Vi ser på kva lovnader som har blitt oppfylt dei siste fem åra, og dei korrupsjonssakene som bli behandla i rettssystemet, så mange er forvirra når det kjem til kven dei skal stemme på.
Han viser blant anna til tidlegare visepresident Saulos Chilima som vart mellombels avsett og sikta for korrupsjon, som døde i ein flystyrt i fjor.
Dette er Malawi
Hovudstad: Lilongwe
Innbyggjartal: 21,7 millionar per 2024
Styresett: Republikk
Offisielle språk: Chichewa og engelsk
Valuta: Kwacha
Grensar til: Mosambik, Tanzania og Zambia
Historie: Vart sjølvstendig frå Storbritannia i 1964. Etter det vart landet styrt av Malawi Congress Party, det einaste lovlege partiet, fram til 1994. I 1994 hadde dei sitt første val med fleire parti.
Kjelde: SNL
Dei same kandidatane etter valfusk
Tysdag 16. september går innbyggjarane i det austafrikanske landet Malawi til stemmeurnene for å velje ei ny nasjonalforsamling og president. Førre val var i 2020, der Lazarus Chakwera (85) frå Malawi Congress Party (MCP) vart president.
Det skjedde etter valet i 2019, der den då sitjande presidenten Peter Mutharika (85) frå Democratic Progressive Party (DPP) sin siger vart annullert. Resultatet vart teke til retten av opposisjonen, og det var fleire demonstrasjonar før grunnlovsdomstolen annullerte resultatet.
Retten konkluderte med at valet ikkje hadde blitt gjennomført på ein fri og rettferdig måte, og viste til valfusk med stemmesetlane.
I år stiller både Chakwera og Mutharika igjen til val. Saman med ei rekke andre kandidatar har dei hatt valkampmøte rundt om i landet.
Eit rettferdig val
– Eg trur det blir eit rettferdig val, seier Twinkle Mtonda.
– Rettferdig nok, legg han til.
Han veit ikkje nøyaktig kven han skal stemme på enno, men han har vore på alle lokale og regionale valkampmøte til dei forskjellige kandidatane. Studenten trur likevel ikkje politikken til partiet er like viktig som presidentkandidatane, og kven dei er.
– Mange bryr seg om kva stammebakgrunn dei har: «Denne fyren er frå vår side, så då stemmer vi på han».
Det er ikkje noko Mtonda bryr seg om, men han fortel at det er ein viktig faktor for mange, og at kandidatar kan kome med løfter direkte til stammeleiarar for å få fleire stemmer.
Sjølv er han mest oppteken av kva som kan hjelpe Malawi framover. Som business-student har han gjerne lyst til å opne sitt eige selskap i framtida, og ser på kandidatar som kan gjere det lettare.
Malawi er eitt av landa i verda med yngst befolkning, og slit med høg arbeidsløyse. I ei undersøking frå Afrobarometer gjennomført i 2024 svarar over halvparten av unge i alderen 18–35 år at dei ikkje har jobb og søker. Berre 3 prosent har fulltidsjobb.
Mtonda synest også det er veldig vanskeleg for unge å få seg jobb, og meiner det er viktig å få med den yngre generasjonen ut i arbeidslivet.
Ser etter realistiske løfte
– Eg har mista interessa i å stemme, seier Alinafe Jonas (22) på telefon til Framtida.no.
Ho er også student ved Livingstonia, og førstegongsveljar, men planlegg ikkje å stemme.
– Mange folk har ikkje bestemt seg, og det er vanskeleg å vite kva ein vil få frå partia. Det har vore mange korrupsjonssaker.
Jonas trur det partiet MCP og presidenten Lazarus Chakwera kjem til å gjere det bra i det komande valet, og at det difor vil bli ganske rettferdig, sidan dei ikkje kjem til å synast det er naudsynt å blande seg for mykje i stemmeprosessen.
– Kva må til for at du skal stemme?
– Det handlar om at lovnadane til partiet gir meining, og at dei ikkje kjem med store falske løfte til alle.
Den kandidaten eller partiet føler ho ikkje eksisterer akkurat no.
God politikk eksisterer
Det betyr ikkje at det ikkje har skjedd noko godt i Malawi dei siste åra.
– Vi har blitt gode på nye landbruksmetodar i samband med klimaendringar, seier Jonas.
Ho nemner også at infrastrukturen har blitt betre, med vegar som har betre standard.
Mtonda synest landet har fått på plass gode ordningar for dei fattigaste på landsbygda. Han synest også lågrentelån til dei som vil starte opp selskap har fungert godt.
– Det vil eg kanskje nytte meg av sjølv når eg er ferdig som student, dersom det framleis er på plass då.
Hyperinflasjon
Det er fleire store politiske saker styresmaktene må takle framover.
Befolkninga i Malawi er blant dei fattigaste i verda, ifølgje Verdsbanken. Rundt 70 prosent av innbyggjarane lever på under 2,5 dollar dagleg.
Ved sidan av journaliststudia er Jonas frilansskribent og køyrer forskjellige varer til folk. Likevel er det vanskeleg å få pengane til å strekke til på grunn av inflasjonen, som i mai i år var på 27,7 prosent.
Ernst & Young skildrar landet som eitt av få i verda med hyperinflasjon, der inflasjonen er på over 100 prosent i løpet av tre år.
Dette gjer at prisane stig kraftig, medan lønnsveksten ikkje held følgje, noko som gjer at pengane søkk i verdi.
– Eg kan gå til marknaden måndag og kjøpe noko til 2000 kwacha, så er det 5000 kwacha onsdag, forklarar Jonas.
Det gjer det vanskeleg å planlegge både matbudsjett og skulepengar, og har vore eit stort tema i valkampen.
Klimaendringar
Malawi er også eit land som har vore meir utsett for ekstremvêr dei siste åra, som gir dårlegare mattryggleik. Syklonen Freddy kravde fleire hundre liv og øydela store område i 2023. Ifølgje det Internasjonale Pengefondet er Malawi det 6. fattigaste landet i verda.
I februar kutta også USA bistand til landet, som går spesielt ut over helseprogram, som førebyggjande medisin mot HIV.
Éin ting både Mtonda og Jonas er einige om, er at noko av det viktigaste er færre korrupte politikarar, og at dei som blir teke, blir straffa fortare.
– Det burde ta veker og månader, ikkje fleire år, slik som det er no, seier Mtonda.