Isak (14) får skulefri for å drive valkamp
Interessa for politikk kom då Isak Rognlien (14) var 5.-klassing. No er han medlem i Unge Venstre.

Denne saka vart først publisert i systeravisa vår Framtida Junior.
– Eg har alltid vore interessert i korleis samfunnet fungerer, og korleis ein kan endre det, seier Isak Rognlien (14).
Vi står på Karl Johan i Oslo, der partiet Venstre har sin stand. Her har han vore til stades under valkampen. Han har faktisk hatt fleire dagar fri frå skulen for å vere med på dette.
Klima, rus og EU
Rognlien hadde funne ut at ein kunne melde seg inn i dei fleste ungdomspartia når ein vart 13 år gamal.
– Då sjekka eg alle stortingspartia sine partiprogram, og fann ut at det var Unge Venstre og Venstre eg var mest einig i, seier han.
Det er tre saker som Rognlien brenn mest for.
– Klima er sjølvsagt. Ein meir human ruspolitikk. Og melde Noreg inn i EU, seier han.
Litt fri frå skulen
Kvifor Rognlien vart så tidleg engasjert i politikken, synest han ikkje er heilt lett å seie.
– Det var eigentleg ikkje noko fag på skulen som gjorde det. Familien min har alltid vore samfunnsengasjert, men det er ingen av dei som er medlem i politiske parti, forklarar han.
Det var i mai 2024, då han nettopp var blitt 13 år, at han melde seg inn.
– Kva er kjekt med å vere medlem i eit ungdomsparti?
– Ein får venar og får vere med på mykje gøy. Og så får ein litt fri frå skulen innimellom, som alltid er gøy, seier Rognlien og ler.
I tillegg fortel han at ein lærer ekstra mykje, som gjer at ein gjer det betre på skulen i fleire fag.
– Ein blir smartare av å vere med i politikk, og av å skjønne korleis samfunnet fungerer.

– Ein får venar, lærer nye ting og får minne for livet, seier Rognlien.

Korleis ville du endra samfunnet?
At Rognlien er så engasjert i politikk, betyr at han snakkar mykje om det. Han deler at han ikkje har mange venar som er like engasjert som han, utanom ungdomspartiet.
– Korleis har det vore?
– Dei er nok litt leie av at eg snakkar mykje om det. Eg interesserer meg så ekstremt for det, seier han.
Med nokre av venane hans, prøver han å vise omsyn.
– Eg prøver å ikkje snakke så mykje om det, særleg med dei som eg veit ikkje er politisk aktive. Og så snakkar eg om politikk med dei som eg veit er politisk aktive, forklarar Rognlien.
– Er det noko du føler skulen burde gjort meir av når det kjem til politikk?
Her foreslår Rognlien at ein kanskje bør snakke meir om politikk.

– Alle har ein tanke om korleis samfunnet skal sjå ut.

– Skulen kan prøve å få folk til å tenkje for seg sjølv, eller saman i grupper på korleis ein vil endre samfunnet, foreslår Rognlien.
– Ta sats og gjer det
Om ein er usikker på korleis ein kan bli meir politisk aktiv, så har Rognlien mange gode råd.
– Først er det viktig å setje seg inn i kva dei politiske partia meiner, seier Rognlien.
Då kan ein gå på ulike møter med forskjellige parti for å finne ut korleis miljøet er, og slik kan ein òg finne ut meir enn det som står i partiprogrammet.
Rognlien seier òg at det ikkje handlar om å vere einig i alt, men at dei sakene ein verkeleg brenn for, dei er fine for å finne eit parti som ein er einig i.
– Meld deg inn i eit parti. Om du oppdagar at «nei, dette partiet var eg ikkje så einig i likevel», så kan du melde deg ut, forklarar han vidare.
Det er ikkje forpliktande å bli verande i eit parti når du har meldt deg inn. Rognlien tenkjer i eitt sekund meir, før han avsluttar med denne oppmodinga:
– Gjer det. Ta sats, og gjer det.