Skule, flyktningar, og sjølvsagt klima – dette er hjartesakene til Grøn Ungdom

Det er ikkje ei overrasking kva hjartesaka til Grøn Ungdom er, men dei trekker fram fleire inngangsmåtar til å løyse klimakrisa.

Åshild Slåen
Publisert

– Eg er jo så basic at det er klima og miljø.

Det seier Odin Løkken Øra (28) frå Trøndelag til Framtida.no. Han sit i valkomiteen til Grøn Ungdom, og har lang fartstid i partiet.

Klima og miljø står i sentrum når vi spør om hjartesaker på sommarleiren partiet har på Risøy Folkehøyskole. Samstundes kjem det litt variasjon av kva innan klima og miljø deltakarane meiner er viktig, og kva saker som kjem på andreplass.

– Eg har fått fleire hjartesaker. Ruspolitikk er noko som har blitt diskutert mykje i og utanfor partiet, men også landbrukspolitikk og matpolitikk synest eg er veldig spennande og viktig, seier Øra.

Alternative energikjelder

– Atomkraft har vore hjartesaka mi i cirka sju år, faktisk.

Det seier Emma Hagen (22) frå Stavanger. Ho starta i Raud Ungdom, men vart seinare lokka over til Grøn Ungdom.

– Heilt sidan eg lærte om atomkraft, så har det vore heilt logisk. Teknologien som er i dag, er ikkje den same som ved Tsjernobyl og det som har sprengt før, og det er den reinaste og tryggaste energiforma som eg har fått med meg.

Oljeutfasing

– Dette med oljeutfasing, det er veldig viktig for meg. Det tenkjer eg mykje på.

Kristian Erfjord (17) frå Rogaland har nettopp vore på eit føredrag der dei har hatt ein gjennomgang av dei forskjellige argumenta for og mot oljeutfasing. At Noreg skal starte skikkeleg oljeutfasing er ein del av kjernepolitikken til ungdomspartiet.

– Fordi det har så store konsekvensar dersom vi ikkje gjer nokon ting, seier Erfjord.

Utanom klima og miljøsaker, bryr han seg mykje om å ha ein skule for alle.

Henriette Sjursen-Eriksen meiner vi må få til eit internasjonalt samarbeid dersom vi skal løyse klimakrisa, og at oljeutfasing er noko av det viktigaste Noreg kan gjere. | Foto: Åshild Slåen

Oljeutfasing

Henriette Sjursen-Eriksen (20) er politisk leiar i Grøn Ungdom Oslo, og har ei liknande hjartesak som Erfjord:

– Det er jo at Noreg skal gjere meir for å stanse klimakrisa, og at verda skal gjere meir for å stanse klimakrisa, seier ho.

– Det aller viktigaste er å byrje å utfase oljeindustrien så fort som mogleg.

– Kva er hjartesaka etter klima og miljø?

– Kanskje at Noreg skal ta imot fleire flyktningar. Det er rekordmange på flukt, i alle fall meir enn i 2014.

… og litt meir oljeutfasing

– Mi hjartesak er at vi skal løyse dei store utfordringane i samfunnet, og ikkje minst så handlar det om å løyse klimkrisa.

Det seier Kimi Nie-Nilssen (18), fylkesleiar i Grøn Ungdom Troms og Finnmark. Han seier verda står overfor store klimautfordringar med meir ekstremvêr, menneske på flukt og fleire som kjem til å få det verre dei neste åra om vi ikkje tek tak i klimakrisa.

– Vi må fase ut oljeindustrien, gjere det enklare å velje miljøvenleg, og fikse dei store problema i fellesskap med andre land.

Han er også oppteken av ein skule som ikkje berre handlar om testing, der elevane kan ha meir praktisk læring og mindre stress og press.

– Difor er eg for at vi skal fjerne eksamen, endre dagens fråværsgrense og styrke det psykiske helsetilbodet i skulen.

Med hjarte for klima

– Eg har mange ting som eg er interessert i, men hjartet mitt går veldig til berekraft, klima og slikt.

Det seier May Sami (13) frå Ullensaker.

– Eg har veldig lyst til å gjere kva enn eg kan for å stoppe klimaendringane.

Ho har vore med på skulestreik og gått i tog for sakene ho har tru på.

– Hjartesaka mi er å spreie godheit, og vise at eg er mot alt som øydelegg freden i verda.