Forfattaren debuterte tidlegare i år med ei barnebok om flukt. No har han starta på ein nordisk manga-serie.

– Eg blei aldri lesen til som barn, svarar Joseph Samuel Solbakk Ampofo på spørsmålet om kva bøker som vart lese for han.
38-åringen er utdanna økonom og jobbar som produktutviklar på dagtid, noko som betyr at han må bruka kveldstid på å vera forfattar.
Barnebokforfattaren er aktuell med første bok i ein ny nordisk manga-serie om Maria Storm, illustrert av Jofrid Sandgren Østenstad.
Joseph Samuel Solbakk Ampofo
Alder: 38
Frå: Oslo
Utdanning: Økonom
Yrke: Produktutviklar på dagtid, forfattar på kveldstid.
Kor mykje les du sjølv? Om lag fire bøker i året.
Førebilete for borna
Maria Storm og Mythosordenen er tilpassa barn i alderen 7–12 år og Joseph fortel at ideen kom etter ein filmkveld med sonen sin.
– Etter at me hadde sett Black Panther, spurde sonen min: «Pappa, kvifor finst det ingen superheltar som ser ut som meg og veslesyster?», har Ampofo forklart i ei pressemelding frå forlaget Egmont.
Ampofo ramsa opp namn, men sonen rista på hovudet: «Dei liknar på deg. Ikkje på oss.»
– Det trefte meg. Eg bestemte meg der og då for å skapa heltar som han, systera – og mange andre barn – kunne spegla seg i.
- Les også intervjuet med barna til Ampofo: Maria og William har fått eigne teikneserieheltar oppkalla etter seg
– Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?
– Bilbo Baggins. Eg likar eventyr og stiller opp for dei eg bryr meg om, men helst vil eg berre eta, sova og skriva, svarar 38-åringen.
Bok om flukt
Ampofo debuterte som forfattar tidlegare i år med barneboka Håpets reise, òg denne var inspirert av sonen, som stilte spørsmål knytt til krigen i Ukraina.
– Ei anna inspirasjonskjelde til boka er ein ven av meg som måtte flykta som born frå krigen i Liberia. Han fortalde kor viktig det var for han å høyra foreldra sine fortelja historier medan dei gøymde seg i junglane for å unngå soldatar, fortalde Ampofo den gongen.
Me har teke ein kikk i bokhylla til den ferske forfattaren, som ifølgje seg sjølv les om lag fire bøker årleg.
Desse les han gjerne på t-bana eller i senga.
– Kva bøker les du helst?
– Fantasy, fantasy og … ja, sa eg fantasy?
Den boka som gjorde størst inntrykk i tenåra var klassikaren Alkymisten av Paulo Coelho.
Hyllar Joe Abercrombie
– Kva bok ligg på nattbordet ditt?
– Half a King av Joe Abercrombie.
Den britiske fantasy-forfattaren er ein favoritt som Ampofo meiner er undervurdert og gjerne skulle invitert på middag om han fekk velja fritt blant forfattarar. Det er òg forfattaren han hadde vald å lesa resten av livet, om han berre fekk velja ein.
Han meiner ei god bok ikkje berre får ein til å føla, men òg tenkja.
– Kva bok skulle du ynskja du hadde skrive?
– Ingen – eg trur ikkje eg hadde sett like stor pris på dei då. Men om eg må velja, seier eg Best Served Cold av Joe Abercrombie.
Store planar
Når det gjeld filmatisering av Maria Storm har Joseph Ampofo allereie store planar, men vil ikkje avsløra kven han ser føre seg i rolla.
– Håpets reise vert filmatisert – kven speler hovudrolla?
– Joe Abercrombie. Nei då, Leo Abelo Perry.