Deyanira (22) er urfolksaktivist: – Me har jobba med livet som innsats
– Me står imot veldig sterke krefter. Det er ein vanskeleg kamp å stå i, men me gir ikkje opp, seier urfolksaktivist Deyanira Soscue frå Colombia.

– Som urfolk så satsar me alt på fred, men me treng også ei sosial endring, sånn at det er mogleg å leva i fred, seier Deyanira Soscue.
Soscue (22) er urfolksleiar og menneskerettsforkjempar frå Colombia. Ho tilhøyrer Nasa-folket som lever i eit område kalla Nord-Cauca.
Framtida.no møter Soscue på SAIH sine kontor i Oslo i slutten av juni. Når me møter Soscue, er ho på eit tre månadar langt opphald i Barcelona og Europa i regi av ein spansk organisasjon.
– Freden bør koma oss til gode og gjera det mogleg å produsera produkt som me sjølve kan selja. Me vil ikkje vera avhengige multinasjonale selskap som skal tena seg rike på freden.
Fleire attentatforsøk
Colombia ligg i Sør-Amerika og har i mange år vore prega av krig og politisk vald.
I 2016 inngjekk geriljagruppa FARC ein fredsavtale med staten, og gruppa blei formelt sett omdanna til eit sivilt politisk parti.
Likevel var det mange soldatar som nekta å leggja ned våpena. Soscue fortel at såkalla «dissidentar» og væpna grupper framleis pregar regionen som ho kjem frå. Fleire av desse driv med narkotikahandel og tvangsrekrutterer ungdom og born.
Ho seier ho sjølv har blitt råka av fleire attentatforsøk. Fleire av aktivistane og urfolksleiarane som Soscue har samarbeidd med har mista livet, fortel ho.
Amnesty International omtala i fjor ei bølgje av dødelege trugslar for aktivistar i Colombia. I ein 2023-rapport frå organisasjonen Global Witness blir Colombia trekt fram som det dødelegaste landet å vera miljøvernaktivist, med 60 dødsfall i 2022.
Den alvorlege trugselsituasjonen heng saman med at Soscue jobbar aktivt for å vareta interessene til lokalsamfunnet.
– I løpet av dei fire åra som eg var leiar av lokalsamfunnet mitt, var eg ansvarleg for fleire juridiske prosessar der ungdommar som deltok i kriminelle grupper blei dømde, fortel ho.
Soscue har også stått i front for eit søksmål mot den colombianske staten for at dei hadde gjeve løyve til eit vasskraftverk.
– Me står imot veldig sterke krefter. Det er ein vanskeleg kamp å stå i, men me gir ikkje opp.
Vil verna ungdommane frå vald
Soscue ynskjer å halda ungdomane borte frå kriminalitet, narkotikahandel og dei væpna gruppene.
– Som alternativ til valden, så jobbar me med å få ungdommane med på ting som sport, politisk skulering og kulturelle aktivitetar som dans.
– Me har ein kaffiplantasje der det er veldig mange ungdommar som jobbar. Mange som har vore med på dette prosjektet har frivillig slutta med kokaplantar, som blir brukt til å laga kokain, og dyrkar kaffi i staden.
Opplever seg utryddingstruga
– Me opplever på ein måte at me er utryddingstruga som urfolk.
Soscue seier at utryddinga ikkje berre er fysisk, men også politisk, kulturell og spirituell.
– Den siste tida har det vore fleire væpna konfrontasjonar i lokalsamfunnet, noko som har gjort at ein del folk anten har blitt truga på flukt eller isolert, fortel 22-åringen.
Fleire av dei som driv med vakthald for å verna Nasa-folket har blitt drepne, ifølgje Soscue.
– Me har jobba med livet som innsats for å kunna etablera eit eige helsesystem og eit eige utdanningssystem, basert på verdiane og normene våre.
Ynskjer at folk skal veta
Soscue er oppteken av å synleggjera situasjonen til Nasa-folket og dei andre urfolksgruppene i Colombia. Ho ynskjer difor å byggja eit internasjonalt nettverk.
Soscue seier at den colombianske regjeringa ofte lyttar meir til internasjonale aktørar enn lokale. Det kan difor bety mykje om aktørar utanfrå, til dømes den norske regjeringa, vil uttrykkja støtte.
– Det å synleggjera den lokale situasjonen er ein måte å støtta oss på, det gir oss nemleg eit slags vern at folk veit kva som skjer.