Norsk vegansamfunn tapte i retten – får ikkje status som livssynssamfunn
Norsk vegansamfunn (NVS) tapte rettssaka mot staten og får ikkje status som livssynssamfunn, og dermed heller ikkje statsstøtte. Dei varslar anke.

Då Norsk vegansamfunn (NVS) fekk avslag frå staten om å bli registrert som livssynssamfunn i utgangen av 2024, gjekk dei vidare til retten og saksøkte staten.
Torsdag er dommen klar, og staten fekk medhald i Oslo tingrett, skriv NRK.
NVS får ikkje status som livssynssamfunn. Dei får dermed ikkje rett til statsstøtte eller seremonielle rettar. Trus- og livssynssamfunn kan få opptil 1.500 kroner i året per medlem, og NVS har nesten 1.000 medlemmer.
Staten argumenterer for at veganisme ikkje dekkjer eit stort nok område i livet til menneska til å godkjenna det som eit samfunn. NVS meiner derimot at veganisme er eit livssyn, og dei har prøvd å bli registrerte som det sidan 2021.
– Me meiner at me blir diskriminerte overfor andre livssynssamfunn i Noreg, sa styremedlem Jon Vegard Venås til NRK då dei møtte staten i retten i mai.
Styreleiar i NVS, Steffen Althand, er skuffa etter nederlaget i tingretten. Han stadfestar at dei kjem til å anka saka til lagmannsretten.
– Me visste at det kom til å bli ei ankesak uansett. Me hadde håpa me skulle gå inn i den ankesaka med ein siger i boks, men no gjer me ikkje det, seier Althand til Nationen.