Ho fekk ikkje autisme-diagnosen før seinare i livet, men kom seg gjennom eit tungt år ved hjelp av venar og ei særinteresse.

Åshild Slåen
Publisert

– Kvardagane var vanskelege. Eg forsøkte å finne meg ein jobb, men fekk ingen. Til slutt fekk eg ein praksis (i regi av dåtidas Nav). Det hjelpte heldigvis på humøret mitt, og trua på meg sjølv. Eg jobba kvar dag, for 4000 kroner kvar månad. Det var lite, også i 2003.

Det skriv Stine Hanssen Brattland på e-post til Framtida.no. Ho er forfattaren bak boka Innanfor. Utanfor: men alltid autist, der ho deler erfaringar rundt det å få autisme-diagnosen i vaksen alder.

I dag deltek ho samfunnsdebatten både rundt autisme og det å navigere Nav-systemet. I 2003 var ho 20 år, og livet hadde både oppturar og nedturar å by på.

– Eg forsøkte meg på vidaregåande skule for andre gong. Eg har bursdag om våren, og kring den tida, kjente eg at eg ikkje ville greie det, den gongen heller. Det var tungt, eg følte meg utruleg einsam og mislukka. Sommaren det året var likevel veldig fin. Eg fekk endeleg sjå Björk, som eg hadde digga intenst i sju år då.

Björk som særinteresse

Björk var hovudinteressa til Brattland når det kjem til musikk.

I dag er Stine Hanssen Brattland forfattar. Då ho var 20 prøvde ho for andre gong å gjennomføre vidaregåande. | Foto: Privat

– Eg lytta, som eg hadde gjort dei sju føregåande åra, mest til Björk. No som eg veit at eg er autistisk, kan eg sjå tilbake på det, og sjå at det var ei ekte autistisk særinteresse. Eg var fjorten hakk meir engasjert i musikken hennar enn det alle eg kjente var i artistar dei likte.

I tillegg hadde ho sans for Bel Canto og Tori Amos, sjølv om dei ikkje nådde heilt opp til Björk.

– Eg følte at eg nærast levde og anda musikken hennar.

– Hugsar du kva som skjedde elles i verda?

– Det var mykje snakk om «krigen mot terror». Afghanistan. Dette var to år etter 11. september, då mellom anna World Trade Center vart råka av terroråtak. Eg hugsar elles mest at eg strevde med meg sjølv. Eg hadde det veldig vanskeleg då.

Ei svart tid med lysglimt

På denne tida var ho redd for å alltid skulle leve med svartsinnet sitt, og at ho aldri skulle få lyst til å leve. Trua på ei framtid var fråverande, og mange av dagane vart levd etter vane og plikt.

– Eg var mykje fortvila og redd.

– Kven var den viktigaste personen i livet ditt?

– Eg kan ikkje plukke ut eitt menneske, for dei var fleire. Venane mine, alle saman var enormt viktige for meg då eg var tjue. Dei fleste har eg framleis.

Det var ei tung tid då Stine Hanssen Brattland var 20. Her frå seinare i 20-åra. Foto: Privat

Det var også rom for gode opplevingar. Å sjå Björk på Roskilde er det sterkaste minnet frå det året.

– Eg stod i kø mange timar for å få meg ein god plass. Det var fint vêr, men ikkje steiksol, så køståinga gjekk greitt. Eg fekk plass nesten heilt fremst. Det skulle ein kanskje tru var utrygt, med fleire titals tusen tilskodarar, men det var faktisk ein av dei tryggaste plassane å stå på, då.

Ho var åleine på konserten, noko ho var glad for.

– Då hadde eg overskot, plass til å berre digge. Eg trong ikkje snakke med nokon, trong ikkje passe på at nokon eg var glad i hadde det fint, eg trong berre å ta omsyn til meg sjølv (og sjølvsagt vere grei med dei rundt meg). Det var som om musikken kraup under huda på meg, som om heile meg, celler, bakteriar, alt berre var elektriske signal som gløda gloheitt og vedunderleg. Eg svevde i fleire dagar etterpå.

Ikkje kast bort tida – og bli med i kor

– Visste du kva du skulle bli i livet?

– Eg hadde lyst til å bli jordmor eller arkeolog. Eg er ingen av delane, så eg kan vel ikkje påstå at eg visste kva eg skulle bli.

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Eg ville nok først tenkt stakkars, stakkars redde og fortvila sjel. Eg ville fortalt meg kva som faktisk bur i meg, som eg ikkje visste då. Viss eg kunne ha eit møte med tjue år gamle meg, med alt eg veit om korleis livet mitt er no, så ville eg fortalt meg at eg kjem til å bli tretti år, eg kjem til å bli førti år. Eg kjem til å finne kjærleik, eg kjem til å gifte meg og få to perfekte ungar.

Ho ville rådd seg sjølv til å telje dagane, og ikkje kaste bort tid på menneske som ikkje er verdt ho.

– Eg burde nok òg ha funne meg eit kor. Eg har alltid likt å synge, og er alltid i godt lynne etter korøving.

Les meir om Stine Hanssen Brattland på Framtida Junior: