Russen etterlyser møteplassar: – Blir tvinga til å vere i mindre grupper

Mange stadar i landet har ikkje russen ein plass kor dei kan møtast for å feire. Det bekymrar Elevorganisasjonen.

Mathea Kulbotten
Publisert

– Vi er bekymra. Utan ein ordentleg møteplass blir russen tvinga til å vere i mindre grupper, noko som kan føre til at folk ikkje får vere med, og det blir ei mindre inkluderande russefeiring, seier Martine Løkken Svendsen, som er påtroppande leiar i Elevorganisasjonen, på telefon til Framtida.no.

Ho har snakka med foreldra sine, som fortalde at dei hadde møteplass på Tryvann då dei var russ.

– Dei feira natt til 1. mai der, og det var plass til alle. Eg veit ikkje kvifor det ikkje er slik lenger, seier Svendsen.

Kan gjere russen meir tolerante

Russepresident ved katedralskolen i Stavanger, Sofie Gismervik Andersen, seier det hadde betydd mykje for russen å få ein plass der alle kan feire saman. Ho trur det kunne ha gjort at russen vart meir tolerante.

– Når vi blandar bussruss, vanruss og vandreruss, og russ frå ulike skular, får vi henge med folk vi ikkje heng så mykje med til vanleg. Det kan bidra til å jamne ut forskjellane mellom bussruss og vandreruss på ein naturleg måte, i staden for med strenge forbod og vedtak. Det er slik handling vi treng, seier russepresidenten, og legg til:

– Eg trur i tillegg det hadde gitt russen større fridom. Mange er redde for naboklager, og for å få reaksjonar frå politiet, når vi er på ein plass som ikkje er godkjend.

Ber fylkeskommunane om å komme på banen

No ber Elevorganisasjonen fylkeskommunane om å låne bort ein plass til russen. På den måten bidrar fylkeskommunen til fellesskap, meiner dei.

Det er russepresidenten frå Stavanger einig i.

– Fylkeskommunen sikrar at det blir likt i heile fylket, så det ikkje blir forskjell mellom kommunane, seier ho.

Ho fortel at Rogaland fylkeskommune er involvert.

– Men det er jo mykje snakk. Vi ønsker mindre snakk og meir handling.

Fylkeskommunen peikar på kommunen

I ein e-post til Framtida.no skriv Rogaland fylkeskommune at dei kjenner til utfordringane med å ha ein stad å vere.

Dei meiner samtidig at det ikkje er deira ansvar å skaffe ein plass til russen – dei peikar på kommunen.

– Vi har difor i vinter sendt brev til kommunane, og oppfordra dei til å vere i dialog med russen, for å peike ut aktuelle stadar, skriv Hilde Blesvik, som er rådgjevar i avdelinga for opplæring i skule.

Ho legg til at både russestyra og elevråda har fått denne informasjonen.

Blesvik trur den største utfordringa er at russen feirar på ein måte som blir lagt merke til i omgjevnadane.

Det gjer at det ikkje er enkelt å finne ein plass som eigner seg, og der russen er ønska.

– Difor opplever vi at friluftsråd og andre stenger av område for å unngå at russen samlar seg der, skriv Blesvik.

– Veldig mykje bra

Hilde Blesvik vil gi ros til russestyra, for samarbeidet dei har for å gjere russetida meir inkluderande og trygg.

– Vi opplever at dei verkeleg er motiverte og kreative, og får til veldig mykje bra på skulane sine, avsluttar ho i e-posten.

Elevorganisasjonen ønsker at alle skal få eit godt utbyte av russetida.

– Vi ønsker at russen skal kunne sjå tilbake på ei russetid som var inkluderande og trygg. Møteplassane vil bidra til det, så vi håpar fylkeskommunane og kommunane tek tak i dette, avsluttar Svendsen frå Elevorganisasjonen.