– Det er forståeleg at ei bok som omhandlar skilsmisse ikkje skal vere gøy, men eg vil framleis få ei drivkraft til å lese vidare, skriv meldar Herman August Søberg om den nye boka frå Flamme Forlag.

Herman August Søberg
Publisert

Korleis kan sjølve kjøtet i ein familierelasjon vise seg å knekke berre av ein liten brest i kjærleiken mellom mor og far? Det er nok ikkje så enkelt, og det veit foreldra veldig godt: éin brest er det aldri. Men kva veit vel barnet?

Arild Rossebø utforskar denne tematikken i hans andre vaksenroman etter Den siste komle og to barnebøker.

Historia byrjar i Haugesund nokre dagar etter skilsmissa. Harald, hovudpersonen, på berre ni år står i midten av det heile. Den fyrste delen av boka er kalla «Et forsøk på hverdag», som beskriv perfekt kva som kjem: eit forsøk på kvardagen som aldri blir den same. No som han må bu hos mormor og morfar, ikkje får sett faren sin, må fortelje alle venene sine at han ikkje bur heime lenger, og dei må finne ein ny stad å starte opp livet igjen med hjartestartar. Det viser seg at det ikkje er så lett å måtte oppleve ting ein ikkje forstår.

Bokomslag: Flamme Forlag

Rossebø har skrive om familierelasjonar som ikkje er den stereotypiske kjernefamilien som fortel kvarandre løyndomar og ser på «The voice» i lag. Han skriv om dei andre.

Lett å lese

Boka er lett leseleg med korte kapittel og eit enkelt språk. Det er også nokre gode avsnitt i boka som blir skildra på flott og realistisk vis. Spesielt likar eg det barnlege som nokre gonger kjem fram i eksempelvis dialogen mellom Harald og venninna hans som kjennest veldig reell og sår:

«’Jeg gråt litt i går,’ sa jeg. ‘Hvorfor gråt du?’ ’Mamma har gått fra pappa og vi bor hos mormor nå.’ ‘Hæ?’ ‘Mamma har gått fra pappa og vi bor hos mormor nå.’ ‘Oi, kom inn.’»

Statiske personar

Det er nokre ting eg stussar litt på i romanen. Me får liksom aldri vete så mykje om personane si fortid. Eg trur det kunne bygt ei betre forståing for kvifor ting blei som dei blei.

Eg sakna meir tilbakeblikk. Det er ikkje før mot slutten av boka då Harald tenkjer over kor feil det er at faren hans ikkje er til stades i eit familieselskap.

«Likevel var det et hull der pappa pleide å være. Han var liksom den som fikk badmintonballene ut av hekken.»

Desse setningane seier litt om kva for ein far han var for Harald, og ikkje berre kven han er akkurat no. Eg vil jo vete kva faren betydde før han forsvann.

Barnebokaktig

Eg gledde meg veldig til å lese denne boka, sidan ho tek for seg eit vaksenproblem gjennom barnet sine augo.

Men det blir på ein måte som å lese ei lang barnebok.

Dessverre kjenner eg på at det var kjedeleg å lese. Det er forståeleg at ei bok som omhandlar skilsmisse ikkje skal vere gøy, men eg vil framleis få ei drivkraft til å lese vidare. Det er eit veldig vondt og sårt tema, og difor skulle eg ynskje at forfattaren hadde heldt av plass til å framheve dei vonde sidene endå meir. Både for å styrke bodskapen, men òg styrke lesaren si interesse.

Ei viktig bok!

Eg likar verkeleg idéen, og det er mange gode poeng og tankar i boka. Sjølv har eg skilde foreldre, og nokre gonger kunne eg kjenne meg igjen i Harald sine opplevingar.

Rossebø utforskar fleire aspekt ved ei skilsmisse ettersom det ikkje «berre» handlar om sjølve smerta av at foreldra dine ikkje likar kvarandre lenger, men også korleis alle rundt forandrar seg.

Korleis er det å vere det «dumme» barnet som ikkje skjønar kvifor ting må forandre seg, og må bli med på kjøt og flesk? Det at me ikkje får vete så mykje om kva som skjedde mellom mora og faren trur eg er gjort med vilje. Harald høyrer berre ting frå mora og høyrer ikkje mykje frå faren, det skapar eit evig spørsmål som eit lite skilsmissebarn kanskje aldri kan få svaret på.

Me treng meir litteratur om dette!