Thunderbolts* – har Marvel lært av sine fiaskoar?

Det er meir positivt enn negativt å seia om Thunderbolts – noko eg ikkje har følt for ein MCU-film på år.

Rakeb Berhanu Erana
Publisert

Etter mi skuffande oppleving med Kraven the Hunter hadde eg ingen forventingar til Thunderbolts. For meg var superheltfilmar så godt som døde, men skjebnen likar visst å setja meg på plass.

Denne gongen kom lærdomen i form av Thunderbolts, regissert av Jake Schreier.

Thunderbolts

Nasjonalitet: USA

Regi: Jake Schreier

Noregspremiere: 30. April

Aldersgrense: 12 år

Sjanger: superhelt, action

Speletid: 126 minutt

Fan-favorittar leverer

Filmen er stappa fulle av fan-favorittar: Florence Pugh skin som Yelena Belova, og Sebastian Stan leverer ei solid framsyning av Bucky Barnes. Wyatt Russell og Hannah John-Kamen imponerer i rollene sine som U.S. Agent og Ghost, medan David Harbour er både morosam og viser fleire sider i rolla som Red Guardian.

Lewis Pullman er eit friskt pust i MCU som Robert «Bob» Reynolds – han markerer seg kraftig, også blant dei meir erfarne skodespelarane. Det må også nemnast at Pullman sin karakter er desidert den skumlaste karakteren me har sett i MCU-filmar. Dessutan, står Pugh særleg sterkt i rolla si og ber mykje av den emosjonelle vekta i filmen.

Antiheltar

Handlinga tar for seg ei gruppe antiheltar – Yelena (Black Widow), U.S. Agent, Ghost og andre – som vert fanga i eit dødskammer under eit mislukka oppdrag. Der møter dei den snåle Bob, medan dei kjempar mot både interne konfliktar og ein ytre trussel. For å overleva må dei læra seg å samarbeida. Ikkje berre for sin eigen del, men også for å redda New York.

Det er meir positivt enn negativt å seia om Thunderbolts – noko eg ikkje har følt for ein MCU-film på år. Filmskaparane har lytta til fansen og levert ein superheltfilm som ikkje berre er laga for å selja leiketøy til born. Samtidig legg filmen grunnlag for kommande filmar utan at han kjennest som ein rein introduksjonsfilm. Både nye og gamle element flyt saman og skapar ein solid heilskap.

Menneskelege heltar

Karakterane er fleirsidige, med både styrkar og svakheiter. Ein vert godt kjende med dei utan at alt må forklarast gjennom dialog. Mykje av karakteriseringa skjer gjennom handlingane deira, også dei minste handlingar fortel noko om karakteren.

Filmen skildrar spesielt godt einsemda, sorga og håpløysa som karakterane går gjennom. Han minner oss om at sjølv menneske med superkrefter kan ha det vanskeleg – spesielt etter alt desse karakterane har opplevd. Den emosjonelle utviklinga vert ikkje ofra for actionscener, men er godt integrert i dei.

God action

Thunderbolts nyttar blockbuster-budsjettet sitt godt – både visuelt, i actionscenene, og når det gjeld lyd og spesialeffektar. Actionscenene er godt koreograferte, ikkje for mange, og ikkje repetitive.

Den visuelle stilen er på topp, og spesialeffektane blandar seg saumlaust med ekte opptak.

Lydbiletet er imponerande og kompletterer den visuelle stilen, særleg i actionaugeblikka. Alt fungerer saman på ein måte som er sjeldan i superheltfilmar no til dags.

MCU-mal

Kva er den største utfordringa for Thunderbolts? At han er ein del av MCU.

Å vera ein del av ein gigantisk franchise som Disney eig, medfører uunngåelege avgrensingar. Filmen må halda seg innanfor visse rammer: Han kan ikkje vera for mørk, ikkje utfordra amerikanske verdiar for mykje, og han må appellera til alle målgrupper. Dette skapar ein trygg, men føreseieleg mal.

Dette er akkurat her Thunderbolts møter sitt største problem. Men la oss vera rettferdige: Det er ingen måte å unngå dette på.

Handlinga har eit alvorleg preg, men sidan filmen ikkje vågar å ta verkelege risikoar, mister alvoret mykje av tyngda. Når liv og død ikkje kjennest ekte, og ingen karakterar verkar å vera i verkeleg fare, vert det vanskeleg å engasjera seg. I tillegg er karakterane pressa inn i ein altfor rigid Marvel-mal, noko som gjer at dei manglar nyansar og menneskelege svakheiter i nokre delar av filmen.

I staden minner dei om urørlege superheltar me har sett altfor mange gonger. Likevel har filmskaparane klart å minska skaden frå desse avgrensingane. Det er verkeleg imponerande og fortener ros.

Peikar i rett retning

Thunderbolts peikar i rett retning. Kanskje dette tyder på at Marvel har lært av sine feil?

Me får venta og sjå om dei neste filmane held fram i same spor, eller om me får endå ein Kraven the Hunter.