Kraven the Hunter: – Skuffande tilskot til Sony sitt Spider-Man-univers
– Eg får på følelsen at filmprodusentane prøver å kompensera for utruleg manglande substans med slåstkampar og kule CGI-scenar – dette er tragisk, skriv meldar Rakeb Berhanu Erana.
Denne teksta er ein del av meldarsatsinga «Ung og kritisk», støtta av stiftinga Fritt Ord.
Sony er dessverre tilbake med ein ny Marvel-film regissert av J. C. Chandor, og eg har fått nok. Enda ein gong gjer Sony narr av Marvel-karakterar ved å ta vekk alt som gjer karakterane interessante. Denne gongen er det den ikoniske Spider-Man-skurken Kraven the Hunter som tek smellen.
Gode skodespelarar
Heldigvis får me éin bra ting i filmen, nemleg skodespelaren Aaron Taylor-Johnson i hovudrolla som Kraven the Hunter. I tillegg har me Russell Crowe, Ariana DeBose og Fred Hechinger i rollebesetninga. Dessverre er det lite desse gode skodespelarane kan gjera for å redda filmen.
«Kraven the Hunter»
Nasjonalitet/språk: USA, engelsk
Regi: J.C. Chandor
Noregspremiere: 13. desember 2024
Aldersgrense: 15 år
Sjanger: Action, Eventyr
Filmlengde: 127 minuttar
Filmen følgjer «antihelten» Sergei Kravinoff frå han er ung til han tek namnet Kraven the Hunter. Med ein oppvekst i eit velståande hushald saman med veslebroren og ein valdeleg far, er Kraven i konstant konflikt med faren sin. Etter ei jaktulykke med familien, rømmer Kraven til villmarka, der han lever i eitt med naturen og bestemmer seg for å jakta på vonde menneske.
Pengemaskin for produsentane
For oss som har lese Spider-Man-teikneseriane er ikkje denne filmen noko. Eg lurar på kven denne filmen eigentleg er laga for, for han appellerer heller ikkje til Marvel-fans eller vanlege kinogjengarar. Difor kan ein trygt anta at Kraven the Hunter er ei pengemaskin for Sony-produsentane og eit forsøk på å halda seg relevante i superheltfilm-sfæren.
Det er lite positivt eg kan seia om Kraven the Hunter – det einaste eg kan setja pris på er slåstkampkoreografien og spesialeffektane. Desse elementa bidreg med spenning, i alle fall i første delen av filmen. Etter ei stund blir både slåstkampkoreografien og spesialeffektane gjentakande og kjedelege. Dei siste slåstkampane er spesielt vonde å koma seg gjennom dersom ein ikkje er spesielt glad i actionfilmar.
Eg får på følelsen at filmprodusentane prøver å kompensera for utruleg manglande substans med slåstkampar og kule CGI-scenar – dette er tragisk.
Lite driv
Skodespelarane prøver verkeleg sitt beste i rollene sine, og dette gjer Kraven the Hunter enda meir tragisk. Ein må applaudera skodespelarane for å gje sjel til karakterane sine og skapa nokolunde truverdig samspel mellom kvarandre sjølv om dei har lite å gå på frå manuskriptet. Dette gjeld spesielt forholdet mellom Kraven og faren hans – ein forstår kvifor forholdet deira enda slik som det gjorde.
Handlinga har ingenting spennande eller interessant gåande for seg i Kraven the Hunter. Dette innser ein ein halvtime inn i filmen, og resten av han har lite drivkraft som dyttar handlinga vidare. Ein får ikkje bli kjend med karakterane, det er altfor kort tid mellom action-scenane, slik at ein blir utslått etter kvart, og handlingsvendingane kjem brått på utan noka oppbygging.
Av alt eg har skildra om Kraven the Hunter, er den verste handlinga mot kanonen i teikneserien å gjera Kraven til ein antihelt og ikkje nemna tilknytinga hans til Spider-Man. Det er alltid spennande når filmar prøver å visa ei anna side av allereie eksisterande karakterar – frå Spider-Man-teikneseriar veit me at Kraven er skildra som ein med sterk moralsk kode og sine eigne grunnar for å vera ein skurk. Men dette betyr ikkje at han er ein antihelt – han er berre ein nyansert skurk.
Tek vekk all moroa
Å gjera Kraven om til ein villeia helt tek vekk all moroa frå karakteren. Dessutan er Spider-Man ein essensiell faktor for kvifor Kraven er slik som han er. Denne endringa gjev inga meining i det store Spider-Man-universet Sony prøver å setja opp.
Kraven the Hunter er ein viktig del av Spider-Man-universet, og difor er det skuffande å sjå karakteren bli framstilt slik. Dersom Sony sine investorar og produsentar fortset å tenkja på superheltfilmar som ein enkel måte å tena pengar på, har eg lita tru på at me kjem til å få gode live-action superheltfilmar igjen.