Vekas viktigaste: Pavedødsfall, terror i Kashmir og teknologibot
Bilete frå nyheitsveka. | Kollasj av Framtida.no. Foto: AP Photo/Mukhtar Khan, AP Photo/Andrew Medichini og AP Photo/Efrem Lukatsky
Les deg opp på sakene som har prega nyheitsbiletet i det siste!
Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Paven er død
Pave Frans døydde måndag, andre påskedag. Overhovudet for den katolske kyrkja vart 88 år gamal. Paven døydde av hjerneslag og hjartesvikt, opplyser Vatikanet. Han har den siste tida hatt dårleg helse.
Dagen før han gjekk bort møtte pave Frans folket på Petersplassen i samband med påskemessa, og han hadde eit møte med USAs visepresident J.D. Vance.
Pave Frans heitte opphavleg Jorge Mario Bergoglio, og vart vald til pave i 2013. Argentinaren var den første latinamerikanske paven, og var kjent for å ha liberale standpunkt.
Stig Millehaugen sikta for drapet på Nokas-ranar Metkel Betew
Skjærtorsdag blei Metkel Betew funnen skoten og drepen i eit skogholt på Oppsal i Oslo. Han er ein av dei som vart dømt for Nokas-ranet i Stavanger i 2004, noregshistorias største ran. I 2024 vart Betew lauslaten, etter nesten 20 år i fengsel.
Politiet skildrar drapet som svært brutalt og målretta. Søndag vart Stig Millehaugen pågripen og sikta for drapet, skriv VG. Han er varetektsfengsla i fire veker.
Stig Millehaugen er tidlegare dømt for to drap og har blitt omtala som ein av Noregs farlegaste menn. Han var på permisjon frå fengselet då drapet skjedde. Millehaugen nektar for å ha noko med drapet å gjere.
Ifølgje politiadvokat Christian Hatlo er det ikkje er utenkeleg med fleire arrestasjonar etter drapet.
Politiet har sett opp sperringar på staden der Metkel Betew vart funnen drepen. | Foto: Terje Bendiksby / NTB
India og Pakistan er i konflikt over Kashmir-regionen. Åtaket skjedde i den indiskkontrollerte delen av området.
Åtaket er det største retta mot sivile dei siste åra, seier regionens øvste folkevalde Omar Abdullah, ifølgje AP.
Ifølgje politiet er to av dei tre som er mistenkt for åtaket pakistanske statsborgarar, skriv NTB. Pakistan avviser tilknyting til åtaket. Ei militant gruppe, Kashmirs motstandsrørsle, har tatt på seg ansvaret.
I ein tale torsdag skulda Indias statsminister Narendra Modi Pakistan for å støtte terrorisme over grensa, melder NRK. India har suspendert visum for alle pakistanarar og ber dei forlate landet innan 29. april. Dei set òg ein vassavtale på vent.
Pakistanske styresmakter svarar med å suspendere visum for alle indiske statsborgarar. Dei stansar òg all handel med India og stenger luftrommet mellombels for indiske flygingar.
Ei markering etter at turistar vart drepne i Kashmir. | Foto: AP Photo/Mukhtar Khan
EU gir Apple og Meta milliardbøter
EU-kommisjonen gir dei to teknologiselskapa bøter på til saman 700 millionar euro, noko som svarar til om lag 8,3 milliardar norske kroner, skriv E24.
Apple får ei bot på 500 millionar euro. EU meiner Apple bryt reglane for digital konkurranse gjennom App Store.
Meta må betale 200 millionar euro. Bota er knytt til ordninga dei introduserte i 2023 der brukarane anten kunne godta personalisert reklame eller betale for ein versjon av Facebook og Instagram utan reklame. Modellen blei endra i 2024.
Meta svarar med å skulde EU for å forsøke å hindre vellukka amerikanske verksemder samstundes som dei tillèt kinesiske og europeiske selskap å operere under andre vilkår. Apple meiner bota er urettferdig målretta og at dei blir tvinga til å gi frå seg teknologien gratis, melder BBC.
Apple får bot for App Store og Meta for at brukarar måtte betale for å sleppe personalisert reklame på Facebook og Instagram. | Skjermbilete
Stort russisk åtak på Ukraina
Natt til torsdag sende Russland om lag 70 missil og 150 dronar mot Ukraina, ifølgje den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj.
Åtaka mot hovudstaden Kyiv er dei største og mest dødelege på fleire månader, skriv NRK. Minst ni personar er drepne og over 80 såra ifølgje kanalen.
Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) kallar åtaket eit «alvorleg brot på krigens folkerett».
– Igjen er det vanlege folk som er råka av russiske åtak medan dei søv eller søker tilflukt. Å angripe sivile i heimen deira på denne måten er terrorisering av befolkninga, uttalar Eide til NRK.
Redningsarbeid etter åtaket på Kyiv. | Foto: AP Photo/Efrem Lukatsky
Lyspunkt: Tenåringar utvikla frysar som ikkje treng straum
Tre tenåringar i India har utvikla ein berbar frysar som blir driven av salt, og ikkje treng straum eller batteri.
Business Insider skriv at gutane hadde sett kor vanskeleg det var å frakte koronavaksinar til landsbygder under pandemien.
Dhruv Chaudhary, Mithran Ladhania og Mridul Jain har fått prisen Earth Prize for Asia for frysaren som dei kallar Thermavault.
Dei planlegg å lage 200 frysarar som skal sendast til 120 sjukehus for testing. Gutane på 16 og 17 år håpar frysaren kan bidra til å frakte vaksinar, andre medisinar og utstyr og til og med organ for transplantasjonar.
Ein prototype av Thermavault-frysaren tenåringane har utvikla. | Foto: The Earth Foundation
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.