Grønland: Uventa vinnar i valet som har handla om sjølvstende og Trump
Partiet som vil ha gradvis sjølvstende vann valet i Grønland. No må dei forhandle om ei regjering som kan avgjere tempoet for lausriving frå Danmark – medan USA, Russland og Kina følgjer nøye med.

Saka oppsummert
Demokratane vann valet på Grønland med 29,9 %. Dei ønskjer gradvis sjølvstende frå Danmark, medan Trump pressar på for amerikansk innverknad. No må den nye regjeringa forhandle om vegen vidare.
Det sosialliberale partiet Demokratane (Demokraatit) vann overraskande med 29,9 %, etter å ha hatt berre 9 % ved førre val. Naleraq, som ønskjer rask sjølvstende, fekk 24,5 %, medan tidlegare favoritt Inuit Ataqatigiit (IA) fekk 21,4 %. Ingen parti fekk fleirtal, og Demokratane må no forhandle om ei regjering.
– Me forventa ikkje dette resultatet, men me er veldig glade, sa Jens-Frederik Nielsen (33), partileiar for Demokratane ifølgje the Guardian.
Partiet har tidlegare vore mot sjølvstende frå Danmark, men vil no ha ei gradvis lausriving. Som sosialliberalt parti kan dei samanliknast med Venstre i Noreg.

Grønland og naboland
Store norske leksikon.
Lisens: CC BY NC 4.0
Konsekvensar av sjølvstende frå Danmark
Grønland har vore styrt av Danmark i 300 år, men har sidan 2009 hatt høve til å erklære seg heilt sjølvstendig. Øya styrer sin eigen innlandspolitikk, men Danmark kontrollerer utanriks- og forsvarspolitikken.
Fleirtalet av dei 57.000 innbyggarane ønskjer sjølvstende, men det er usemje om tempoet. Grønland får om lag 6,5 milliardar kroner i årleg støtte frå Danmark. Dersom Grønland blir heilt sjølvstendig, fryktar mange at helsevesen og skular kan bli svekka.
Ved sjølvstende mistar Grønland dansk støtte og NATO-tryggleik. Øya må då søke NATO-medlemskap, inngå tryggingsavtale med USA eller samarbeide med Canada eller Norden.
Trump-effekt på valet?
Eit anna heitt tema i valet har vore Donald Trump sine stadige utsegner om at USA vil ha kontroll over Grønland.
– USA treng Grønland for nasjonal tryggleik. På ein eller annan måte skal me få det, sa Trump til Kongressen berre ei veke før valet.
Den strategiske plasseringa og verdifulle mineralressursane gjer Grønland viktig for USA. Valdeltakinga var høgare enn vanleg, og fleire meiner at Trump sine utsegner mobiliserte veljarane.
– Eg trur frykta for USA sin imperialistiske framgong har blitt større enn sinnet mot Danmark, sa Julie Rademacher, tidlegare rådgjevar for Grønlands regjering til Al Jazeera.
Berre 6 % av grønlendarane ønskjer at Grønland skal gå frå Danmark og inn i eit samarbeid med USA. Grønlands leiarar har fleire gongar avvist Trump sine utsegner og gjort det klart at øya ikkje er til sals.
Kva skjer no?
Fem av seks parti støttar sjølvstende, men dei er usamde om tempoet:
- Demokratane vil byggje opp økonomien før sjølvstende.
- Naleraq vil starte prosessen straks.
- IA og Siumut meiner Grønland ikkje er klare enno.
Sidan ingen av partia fekk fleirtal, må Demokratane no forhandle om regjering, noko som vil avgjere tempoet mot sjølvstende. Den nye regjeringa vil måtte lage ein tidsplan for lausriving frå Danmark.
– Det er behov for samhald, så me vil gå inn i forhandlingar med alle partia, seier Nielsen.
Oppsummert:
Grønland har valt eit parti som vil ha sjølvstende, men i eit forsiktig tempo. USA viser stor interesse for øya, medan Danmark prøver å halde fast på si rolle. Den nye regjeringa må bestemme kor raskt lausrivinga skal skje – og kven Grønland skal samarbeide med i framtida.