Bli oppdatert på sakene som har prega nyheitsveka!

Bli oppdatert på sakene som har prega nyheitsveka!
Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Rodrigo Duterte (79), den tidlegare presidenten på Filippinane, vart denne veka pågripen etter ordre frå Den internasjonale straffedomstolen ICC, skriv NTB. Onsdag vart han sett i ICCs varetekt.
Han er skulda for brotsverk mot menneskeslekta. Duterte var president på Filippinane mellom 2016 og 2022. Den internasjonale straffedomstolen ICC etterforskar han på grunn av den brutale «krigen hans mot narkotika». Ifølgje ICC vart opp mot 30 000 menneske drepne utan lov og dom medan han var president, skriv NRK.
Duterte har kalla arrestasjonen ei kidnapping. I ein video onsdag kveld stiller han seg uforståande til arrestordren, melder NTB.
Domstolen opplyser at Duterte skal møte i retten i Haag i Nederland fredag.
Mark Carney er ny statsminister i Canada. Han tar over jobben etter Justin Trudeau, som i januar varsla at han ville trekke seg etter nesten ti år som statsminister.
Carney har tidlegare vore sentralbanksjef i Canada og i Storbritannia. Fredag blir den nye leiaren av Dei liberale svoren i eid.
Den nye statsministeren har lova at USAs Donald Trump ikkje skal knekke den kanadiske økonomien, skriv NRK. Trump har starta ein handelskrig med nabolanda, og har varsla 25 prosent toll på mesteparten av canadisk import.
– Canada vil aldri bli ein del av USA. Ikkje på nokon måte, sa Carney i talen han heldt til partiets valmøte i Ottawa.
Tysdag vart fleire hundre menneske tekne som gissel i ei togkapring i provinsen Balutsjistan i Pakistan. Landets styresmakter melde onsdag ettermiddag at gisselsituasjonen var over, skriv nyheitsbyrået Reuters.
Gisseltakarane skal vere frå den militante separatistgruppa Baloch Liberation Army (BLA). Dei sprengde delar av jernbanen og kapra toget. BLA krev sjølvstende for Balutsjistan-provinsen, som grensar til Afghanistan og Iran.
Styresmaktene opplyser at pakistanske sikkerheitsstyrkar har drepe alle opprørarane. Ifølgje talsmann Ahmed Sharif Chaudhry, blei 33 opprørarar og 21 gissel drepne i aksjonen.
BLA hevda tidlegare å ha drepe 50 gissel, skriv NRK. Det er ikkje verifisert.
Hoppskandalen under VM i Trondheim har prega nyheitsbiletet den siste veka.
Ein video av at det norske laget endrar på hoppdressar som allereie var godkjente, førte til diskvalifisering av hopparane Marius Lindvik og Johann André Forfang. Lindvik mista òg sølvmedaljen han tok.
Hoppsjef Jan-Erik Aalbu innrømma bevisst norsk juks, og hevda å ikkje kjenne til det. Ifølgje Aalbu hadde støtteapparatet sydd inn forsterka tråd i dressane til dei to utøvarane.
Trenar Magnus Brevig og skreddar Adrian Livelten, som var i videoen, er suspenderte. Lindvik og Forfang har fått mellombels konkurransenekt av Det internasjonale skiforbundet (FIS). Dei har uttala at dei er knust, og ikkje ville hoppa med dressane om dei visste dei var manipulerte.
I etterkant har fleire norske hopprofilar snakka ut om juks i sporten for å få betre resultat, noko dei meiner er utbreidd i dei fleste nasjonar. Dei peikar på komplisert regelverk, inkonsekvente kontrollar og etterlyser gransking av FIS.
Torsdag vart tre nye norske utøvarar, Kristoffer Eriksen Sundal, Robin Pedersen og Robert Johansson, utestengde av FIS.
FIS har no endra regelverket for hoppdressar ut sesongen.
Det sosialliberale partiet Demokratane (Demokraatit) vann overraskande med 29,9 prosent av stemmene, etter å ha hatt 9 prosent ved førre val. Naleraq, som ønskjer rask sjølvstende frå Danmark, fekk 24,5 prosent. Ingen parti fekk fleirtal, og Demokratane må no forhandle om ei regjering.
– Vi forventa ikkje dette resultatet, men vi er veldig glade, sa partileiar Jens-Frederik Nielsen (33), ifølgje The Guardian.
Partiet har tidlegare vore mot sjølvstende frå Danmark, men vil no ha ei gradvis lausriving. Som sosialliberalt parti kan dei samanliknast med Venstre i Noreg.
Donald Trumps interesse for Grønland har prega valet. Trump har ifølgje NRK sagt at valet var bra for USA. Han trur framleis ei annektering av øya kan skje.
Ein norsk mann er truleg kurert for hiv, skriv VG. Hiv (humant immunsviktvirus) er eit virus som svekker immunforsvaret.
For fire år sidan fekk mannen, som hadde levd med hiv i 10–15 år, ein beinmergstransplantasjon etter beinmergssjukdom. Det blei brukt blodstamceller frå broren hans, som hadde ein hiv-resistent mutasjon.
Det er ingen teikn til attverande virus hos mannen, ifølgje professor og overlege ved Rikshospitalet Marius Trøseid. Trøseid seier det er eit stort gjennombrot for hiv-forskinga. Ifølgje forskaren er det berre ei handfull personar som ein er sikre på er kurerte for hiv på verdsbasis.
Mannen er den første i Skandinavia som ser ut til å ha blitt kurert for hiv etter transplantasjon frå blodstamceller.